Kultur | 19. sep. 2014

– Det beste han har laga til no

NRK i kveld, sleppefest i morgon og TV2 måndag: Nygifte Orbo er klar med albumet «Safe & Sound», prega av både kjærleik, BeeGees og ei spesiell reise under andre verdskrig.

– Det beste han har laga til no
Ole Reiner Berg-Olsen er klar med album nummer 8, 9 år etter debutalbumet Seven. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 19. sep. 2014 09:38

I går kom albumet ut på Amazon, i dag blei dei 12 spora på Orbos sjuande (8. med livealbumet) studioalbum, Safe & Sound, lagt ut på Spotify.

Amazon kan du høyra 30 sekund av alle låtane.

Det har vore eit travelt år for tobarnsfar Ole Reiner Berg-Olsen, som saman med Tor Egil Hylland arrangerte første versjon av Osfest 1. og 2. august, og før han gifta seg 31. august rakk ein tur til Canada for å setja musikalsk stemning til Noreg sin stand på Folkfest.

– Låtane blei laga i fjor. I november 2013 spelte eg inn 20 låtar, men den siste miksinga blei ikkje tatt før Osfest-veka. Siste natt før Osfest blei plata sendt til trykk, fortel Orbo.

Med seg har han Reidar Opdal og Magnus Skylstad (tidlegare The Longshots) på tangentar, gitar, trommer og vokal, på bass Eirik Larsson. På nokre av låtane har han, som tidlegare og som Gina Aspenes, Angela Primm og Gayle Mayes frå USA med på koring. Plata er spelt inn i Orbo sitt studio, Hordaland Studio i Os, er er mastra i Nashville av Erick Jaskowiak.

Klokka 21 i kveld kan du høyra intervju med Orbo på NRK P1, laurdag er det sleppefest på Rick's og måndag speler Orbo to låtar live på God Morgen Norge på TV2.

Magic på norsk

Ei av dei 12 låtane på albumet blei i utgangspunktet skrive på norsk.

– Eg song Magic til Kari i bryllaupet vårt i Sirdal, på norsk. Det er ei låt som betyr mykje for oss. Men på plata er den på engelsk, som dei andre låtane.

Plata er allereie kommentert av musikkmeldarar, Safe & Sound har fått terningkast 5 i Oppland Arbeiderblad og mykje ros hos Dust of Daylight, som blant anna skriv dette:

«Det er velkjent ORBOsound i retning av Tom Petty slik han låt på starten av 90-tallet. ORBO er som alltid en meget habil gitarist, og så er det jo hevet over enhver tvil at han er en av landets absolutt beste vokalister.»

Dust of Daylight meiner dessutan at Orbo, trass i at han har stifta familie, ikkje har gått i same felle som for eksempel Ryan Adams og gjeve ut ei trøtt plate:

«Safe & Sound er spekket av fine låter, gode tekster og gode melodier som faktisk har et budskap».

Båtflyktningar

Orbo, som både har barndomsminne frå Os og har budd i Os dei siste 12 åra, set stadig større pris på den nye heimbygda si og skjergarden rundt Bjørnafjorden.

Han har skrive og gjeve ut songen Heim til Os og kjøpt seg Os-båten Askeladden.

Men låta Ridin' the Waves frå Safe & Sound, som musikkmeldaren frå Dust of Daylight meiner er det beste Orbo har skrive, handlar ikkje om ein fredeleg tur på Bjørnafjorden.

– Det ligg ein meir spesiell historie bak, om farmor og farfar sin tur til Shetland under krigen i 1942. Dei fekk motorhavari og brukte 14 dagar på turen. Farfar fekk start på motoren igjen, i periodar, men dei navigerte etter stjernene og måtte ro i ein redningsbåt det siste stykket.

– Farmor fortalte meg ein barnevenleg versjon av turen då eg var liten, men eg har seinare lest meir om dette i ei bok som kom ut om Shetland-fararane. Og så har eg, etter at eg blei far, tenkt på kor besluttsame og modige dei var på den tida. Hadde vår generasjon vore like raske med å ta ei avgjerd? Eg tviler, vi ville nok ikkje forstått kva som skjedde før det var for seint.

Bestemora til Ole var gravid med tanta, faren si storesøster, under turen. Ekteparet jobba for UD i London fram til krigen var over.

Løftar BeeGees til 2014

Safe & Sound kjem Orbo, for første gong utanom på liveplata, med ei coverlåt.

Det er BeeGees si store hit frå 1987, You Win Again, som toppa listene i blant anna England og Noreg, Orbo har laga sin versjon av.

– BeeGees har laga mykje bra musikk, men eg synest det er veldig tidfesta, veldig prega av diskoperioden. Eg høyrde låta i ein taxi på veg heim frå fest då eg bestemte meg for å spela inn min versjon.

– Eg ville ta låta opp på 2014-nivå så det går an å høyra på den, ler Ole.

Året 2014 og innspurten mot platesleppet har vore så travel at det ikkje er sett opp noko turné, med det same, men enkelte spelejobbar er booka etter morgondagen på Rick's.

– Det blir nok meir på nyåret, blant anna ein miniturné i Noreg, Sverige og Danmark, fortel Ole Reinert Berg-Olsen dagen før sleppefesten i Bergen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.