Lokal | 21. des. 2017

– Det betyr alt

Fire butikkar hjelper seksten familiar i Os med julemiddagen.

– Det betyr alt
Peter Moesgård på Spar er ein av dei fire som ved hjelp av Evy Søfteland spanderer julemiddagen på Sylvia Sørstrønen og andre familiar i Os (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 21. des. 2017 14:35

Evy Søfteland i «Hjelp til og hjelpe Os og Fusa» har i tre og eit halvt år hjelpt personar og familiar med dårleg råd med alt frå mat til klær og andre naudsynte ting. Ho har allereie eit godt samarbeid med fleire butikkar i bygda, men i år får ho litt ekstra hjelp frå fire av dei for å sørgje for ein hyggeleg julekveld for nokre av dei ho hjelper.

– Då eg laga ei liste for eit års tid sidan hadde eg førtisju på lista. Fleire har kome til etter det.

– Dei to siste åra har vi hatt julemiddag på Halhjem kafé med buffet og to bordsete, men etter at dei var nøydd til å legga ned, så måtte vi sjå om vi kunne finna ein annan måte å gjera litt ekstra i jula, fortel Søfteland.

Leverer kvar sin del av middagen

Ho har allereie eit nært samarbeid med Spar Amfi Os, kor ho kvar dag er og hentar brød som ikkje har blitt seld og andre matvarer som er i ferd med å gå ut på dato.

– Eg hadde eigentleg ikkje tenkt å spørje. Det var Peter (Moesgård, journ.mrk) som kom og tilbaud seg, fortel ho.

– Det er ikkje alle som har det like greitt, og då er det ei glede for oss å gi noko til dei som treng det, seier Moesgård, som er rask med å understreke at dei ikkje er aleine om å hjelpa.

– Vi stiller med pinnekjøtet, Coop Xtra stiller med desserten, Meny leverer poteter, kålrabi og tilbehør og Europris med snacks og julegodter. Dermed får desse familiane ein full julemiddag og forhåpentlegvis ei litt trivelegare jul, smiler ferskvaresjefen, som har gjort klart mellom 50 og 60 pinnekjøt som skal delast ut via «Hjelp til og hjelpe Os og Fusa».

– Hadde ikkje klart oss uten

Midtsiden møtte Moesgård og Søfteland på Amfi torsdag saman med eit par av dei som får hjelp.

– Det vi får frå NAV strekk ikkje til. Spesielt no i jula. Vi hadde ikkje klart oss utan Evy og butikkane som hjelper ho. Dette betyr alt å få denne hjelpa. Det gjer ein så stor forskjell å berre få eit brød eller ei pakke smør, når du ikkje har råd til å kjøpa det sjølv. Det at butikkane gir oss julemiddag er heilt supert. Det er ekstremt mykje kjekkare å spise ein skikkeleg julemiddag enn i staden for å sitte og tygge på eit tørt brød, fortel dei.

– Evy betyr veldig mykje for oss. Ho har blitt som ei mor eller ei god tante, smiler ei takksam Sylvia Sørstrønen, som fortel då ho første gang kom i kontakt med Søfteland.

– Eg var gravid og hadde ingenting. Evy kom med bilen full av barnekle, barnevogn og alt eg trente. Ho stiller opp 110%, skryt Sørstrønen.

Stikk av med vognene

I førjulstida har «Hjelp til og hjelpe Os og Fusa» hatt handlevogner utanfor fleire av butikkane på senteret kor folk har kunne legga igjen matvarer, men det har ikkje vore heilt problemfritt.

– Folk stikk stadig av med vognene, sjølv om dei er tydeleg merka med plakater. Til og med ei vogn som vi hadde bunne fast med eit solid rep blei vekke. Om noken også har stukket av med matvarene som har vore oppe i dei veit vi jo ikkje, men det er ting som tyder på det, fortel Søfteland.

Framleis mogleg å hjelpa

Dei har også hatt ei korg ståande i andre etasje på Amfi ved nissekroken.

– Der har folk levert gåver merka med alder og kjønn. Eg har vel henta to handlevogner så langt og håper sjølvsagt at det er fleire som har lyst til å legga igjen ei lita gåve og på den måten vera med å gjera jula litt trivelegare for dei som ikkje har så mykje, avsluttar Søfteland med eit smil.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.