Kultur | 29. apr. 2013

– Det blir familiefest!

... i Oseana fredag 10. mai, om Eirik Søfteland tar seg til Idol-finalen. – Vi er klare, no må berre folk hugsa å stemma på Eirik på fredag, seier arrangørane.

– Det blir familiefest!
Denne gjengen gler seg til å invitera til familiefest i Oseana når Eirik Søfteland forhåpentlegvis syng i Idol-finalen fredag 10. mai (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 29. apr. 2013 12:50

Eirik Søfteland har gått frå å vera den som blei tippa til å ryka først ut til no å vera favoritt til å vinna heile Idol. Undervegs har det vore Idol-vake i klubbhuset på Kuventræ og fleire andre plassar i Osbygda.

– No skal vi få Eirik til finalen. Om alle gjer jobben sin og stemmar han fram, så opnar vi Oseana til ein kjempe familiefest fredag 10. mai, fortel Oseanadirektør Ole Tobias Lindeberg.

Les òg: "Mange klemmer på de som stemmer"

Saman med ordførar Terje Søviknes, kultursjef Lisbeth Axelsen, leiar i Os Rockeklubb Kjetil Osablod Grønvigh, Rock 'n LOL-general Andreas Lindborg, Anders Fløysand frå Varde Film og Media og sin eigen stab satte Lindeberg seg måndag ned for å planlegga arrangementet.

Underhaldning i pausa

Arbeidsgruppa har mange ideear om korleis skape ein minnerik kveld med feiring av Idol-Eirik.

– No må vi berre få landa desse, så blir det ein kjempekveld.

– Vi kan allereie no røpa at vi har planar for pausa i TV-sendinga, detaljane får vi koma med litt seinare, men det er ikkje umogleg at vi får med oss Eirik frå Oslo.

– Lag plakatar!

Dialogen har allereie vore der med produksjonsteamet bak Idol-sendinga.

– Det kan vera at det blir sending også frå Oseana ikkje berre til.

– Då er det viktig at vi visar at osingane kan laga liv og verkeleg heiar på Eirik. Allereie no oppmodar vi folk om å førebu seg med å laga plakatar og lignande.

Gratis familiearrangement

Arrangørane håper å fylla dei 490 plassane i Oseanasalen.

– Grunna ombygginga på huset har vi ikkje lov til å ta fleire enn dette inn i storsalen.

– Alle som vil inn må difor skaffa seg billett, forklarar Lindeberg.

Kultursjef Lisbeth Axelsen vil laurdag 4. mai dela ut billettar i Kommunetorget på Rådhuset. Skal ein dømma ut frå stemninga i bygda når ryktene om arrangementet i Oseana byrja å gå kjem det til å bli rift om billettane.

– Det blir førstemann til mølla, slår arrangørane fast.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.