Lokal | 15. aug. 2014

– Det er berre å stikke innom

Bildeserie: Hobbystuen, gratistilbodet til kreative sjeler opna i Os sentrum fredag. – Det har vore hektisk med gøy, strålar initiativtakarane.

– Det er berre å stikke innom
Lars Bugge, Randi Leikanger og Irene Stolt-Larsen tek ein pust i bakken framfor eitt av veggmaleri til Lars (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 15. aug. 2014 10:25

Bildeserie:

Triveleg sofakrok (foto: AH)
Triveleg sofakrok (foto: AH)
Lars Bugge har stått for veggmaleria (foto: AH)

Rester etter det gamle utestedet, med godt med sitteplassar (foto: AH)
Rester etter det gamle utestedet, med godt med sitteplassar (foto: AH)
Ein vevstol er blant interiøret dei har fått låna (foto: AH)
Ein vevstol er blant interiøret dei har fått låna (foto: AH)
Utemøblar på plass, saman med opningshelsing frå Lilleballong (foto: AH)
Utemøblar på plass, saman med opningshelsing frå Lilleballong (foto: AH)
1 av 7

Som Midtsiden skreiv om førre helg håpa initiativtakarane Irene Stolt-Larsen og Randi Leikanger at dei skulle klare å bli ferdige med å pussa opp Opus sine gamle lokaler i løpet av veka, slik at dei kunne opna fredag.

– Vi klarte det, men det har vore hektisk med 12 timars dager.

– Samstundes har det vore gøy. Det har vore ufattelege mykje latter, glede og ikkje minst mange koppar kaffi.

Måtte takka nei

Det har ikkje mangla på folk som har ville hjelpa dei med å komma i mål.

– Folk har brukt nettverket sitt for å hjelpa oss med møblar og interiør.

– Faktisk blei pågangen så stor at vi måtte takka nei til slutt, vi hadde ikkje plass til fleire lenestolar.

– Det einaste som ikkje er på plass enno er ein sofa til, men den er på veg.

– Vi må òg få skryte av Lars Bugge som har stått for dei kreative bileta på veggen. Det har blitt utruleg flott.

Ikkje ein kafé

Sjølv om ein kan få inntrykk av det, med utemøblar som dei har fått låna på ubestemt tid frå Solsiden, så er det ikkje ein kafé dei har opna.

– Det er viktig å presisera!

– Dette er ikkje ein strikkekafé, som vi har hørt enkelte har sagt når dei har gått forbi.

– Dette skal vera ei hobbystue, og ein sosial møteplass, for alle som vil.

– Her kan ein ta med strikke- eller hekletøyet, staffeliet eller det ein treng for å utøva hobbyen sin.

– Eller berre stikke innom for å slå av ein prat og ta ein kaffikopp, men det er viktig å presisera at det ikkje er ein plass ein kan ta med seg små barn.

Kan bli kurs

Ein treng ikkje ha særskill kunnskap for å nytta seg av tilbodet.

– Om ein har lyst til å læra ein hobby, er det òg berre å stikka innom. Vi er ikkje eksperter, men skal hjelpe til så godt vi kan.

– Har ein lyst til å læra å strikke, så har vi både garn og strikkepinner å låna ut.

– Om det er mange som har lyst til å læra ein ny hobby kan det vera at vi freister å halde små kurs.

Vil ha folk ut

Dei to er sjølv uføre, og har kjent på det å sitta aleine heime med hobbyane sine.

– Det finnst masse "skapkunstnarar" som vi håper har lyst å komma å bruke staden.

– Heile poenget er å få dei som sit heime til å komma seg ut.

– Helsebiten i det å treffe andre menneskjer er utruleg viktig, og det vi håpar hobbystuen kan bidra med, fortel dei to entusiastisk.

Skal ikkje tene penger

Ein anna uro dei vil avsanne med ein gong er den om at dei ikkje vil klare seg.

– Vi er ikkje avhengige av noko inntekt.

– Dette er, og skal vera eit gratis tilbod.

– Lokala har vi fått låne gratis frå Os bygg- og eiendom sitt prosjekt Os Open, interiøret har folk donert og kaffien får vi spleise på, så dette kjem til å gå rundt, forsikrar dei eldsjelene.

To dagar og ein kveld

Opningstidene utover hausten er ikkje spikra, men når det kjem til å vera der neste veke er klart.

– Måndag treng vi pusta ut etter dei hektiske siste dagane. Difor blir det ope på dagtid frå klokka 10 på tysdag og onsdag.

– Torsdag held vi kveldsope frå klokka 18 og utover.

– Det kan òg vera at vi er her andre tider. Står dørene opne, så er det berre å stikka innom, avsluttar Irene Stolt-Larsen og Randi Leikanger.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.