Lokal | 20. okt. 2014

– Det er fortvilande

Natt til sundag blei den nye kiosken på Kuventræ utsett for innbrot og hærverk.

– Det er fortvilande
Slik såg det ut i kiosken etter at uvedkommande hadde tatt seg inn der i natt (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 20. okt. 2014 11:52

Bildeserie:

Tjuvane hadde først prøvd seg på den forblenda døra på baksida (foto: AH)
Tjuvane hadde først prøvd seg på den forblenda døra på baksida (foto: AH)
Skap og skuffer er tømd i jakt på noko av verdi (foto: AH)
Skap og skuffer er tømd i jakt på noko av verdi (foto: AH)
Torsdag prøvde uvedkommande å bryta opp den næraste luka i front av kiosken (foto: AH)
Torsdag prøvde uvedkommande å bryta opp den næraste luka i front av kiosken (foto: AH)
1 av 3
Tjuvane hadde først prøvd seg på den forblenda døra på baksida (foto: AH)
Skap og skuffer er tømd i jakt på noko av verdi (foto: AH)
Torsdag prøvde uvedkommande å bryta opp den næraste luka i front av kiosken (foto: AH)

I byrjinga av september opna Os Turn ny, større og forbetra kiosk på Kuventræ.

– Brakka var ei gåve frå ein sponsor og er i det store og heile sett i stand på dugnad.

– Kiosken held vi ope kvar dag det er kamp her oppe, anten det er dei yngste eller a-laget som spelar. Førre veke var kiosken open fem dagar.

– Alt blir gjort av frivillige og på dugnad, difor er det ekstra fortvilande at pøblar og tjuvradder ikkje kan la den vera i fred, seier dagleg leiar i Os Turn, Hans Parnefält.

Låg strødd

Då Parnefält og dei andre i Os Turn kom på jobb måndag morgon låg matvarer og utstyr strødd i og rundt kiosken.

– I løpet av natta har det vore uvedkommande inne i kiosken.

– Det såg ikkje ut her då vi kom i dag tidleg, syltetøy og nudlar låg strødd utanfor kiosken.

– I tillegg har dei brekt i stykker vaffeljerna og gjort anna hærverk.

Ingenting av verdi

Tjuvane, eller pøblane om du vil, har ikkje fått med seg noko av særleg verdi frå kiosken.

– Vi har ikkje verdisaker i kiosken. Det einaste det står litt av er det dei kasta rundt utanfor.

– Rett nok har det tatt med seg betalingsterminalen vi har fått installert, men eg ser ikkje heilt kva dei har tenkt å nytta den til.

– Hjelp oss å følgje med

Også natt til torsdag prøvde uvedkommande å komma seg inn i kiosken, då via lukene på framsida.

– Dei lykkast ikkje den gongen, men i natt klarte dei det altså.

– Vi har gjerne treningsøkter utover kveldane, og då har vi grei kontroll, men etter at dei er ferdige treng vi hjelp frå naboar, folk som luftar hunden sin på kveldstid eller dei som trener på treningssenteret til å halda eit ekstra auge med anlegget, avsluttar Parnefält.

Saka er sjølvsagt meldt til politiet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.