Lokal | 24. feb. 2016

– Det er mange vegar til målet

Ungdom møtte om lag 25 ulike yrke då Høyre inviterte til treff om utdanning og yrkesval på Bar(t).

– Det er mange vegar til målet
15-16 ungdommar møtte for å snakka med omlag 25 ulike yrkesgrupper (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 24. feb. 2016 09:52

Bildeserie:

Spørsmåla var mange og interessen stor (foto: AH)
Spørsmåla var mange og interessen stor (foto: AH)
Jonny Hesthammer og Anne Marie Brusdal fortalde ungdommane om at det går ann å gjera om vala sine (foto: AH)
Jonny Hesthammer og Anne Marie Brusdal fortalde ungdommane om at det går ann å gjera om vala sine (foto: AH)
1 av 2
Spørsmåla var mange og interessen stor (foto: AH)
Jonny Hesthammer og Anne Marie Brusdal fortalde ungdommane om at det går ann å gjera om vala sine (foto: AH)

Det blei fullt på Bar(t) tysdag ettermiddag då Høyre skipa til eit partinøytralt møte mellom ungdom på søken etter kva dei skal bli når dei blir store og vaksne som har tatt sine val, både ein og to ganger.

– Dette var ein start, så får vi sjå korleis vi kan ta det vidare, sa Susanne Sperrevik etter arrangementet.

15-16 ungdommar hadde møtt opp for å få ein prat med ulike yrkesutøvarar frå politi og brannmann til frisør og lærar.

Ingen val er feile

Etter eit innleiande motivasjonsforedrag frå kjæresteparet Jonny Hesthammer (mellomanna grunnleggaren av Rocksource, no administrerande direktør i Atlantic Petroleum Norge og professor ved universitetet i Bergen) og Anne Marie Brusdal (tidlegare lærar og journalist mellom anna i TV2).

– Inga val er feile, mislykka eller bortkasta. Det er mange vegar som leier til målet, ofte kan det vera den lengste vegen som er den vakraste og mest spennande, fortalde Brusdal.

Du kan ta nye val

Sjølv vurderte ho å bli farmasøyt då ho skulle velgja retning, men landa på den utdanninga ho først forkasta, nemleg lærar før ho gjekk vidare og blei journalist i 18 år.

– Du kan ombestemme deg og ta nye val. Det viktige er at du kjenner deg sjølv og kva person du er.

– Du kjenner fort om det er noko du trivst med og har det gøy i. Det må vera ein kombinasjon av hjarte og fornuft.

Krev ekstra innsats

Dei to motivatorane var tydelege på at det ikkje berre er fryd og gammen.

– Skal ein bli god i noko, så må ein øva. Det handler ikkje om å ta store jaft, men å gjera den lille ekstra innsatsen kvar dag. Det er den som tilslutt gjer den store forskjellen.

– Tenk moglegheiter og ikkje begrensingar, lag deg ein plan om kor du vil, både på kort og lang sikt, oppmoda Hesthammer, som sjølv tok utdanninga som geolog i Vancouver i Canada.

– Der brukte eg tre månader kvar sommar til å bu ute i vildmarka i telt med både svartbjørn og ulv rundt meg. Eitt av dei meste vellukka vala eg nokon sinne har tatt. Tilsaman budde eg vel ni månader ute i skogen, fortalde Hesthammer.

Etter foredraget mingla ungdommane med dei ulike yrkesgruppene som var til staden.

Spørsmål om kva utdanning som krevdes, kvifor dei vaksne hadde vald nettopp dei yrka dei hadde vald og om dei ville anbefala yrket gjekk igjen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.