Lokal | 08. feb. 2016

Det finst ikkje dårleg vêr...

...berre dårlege kle, såg ut til å vera mottoet til dei frammøtte på Kom deg ut dagen søndag.

Det finst ikkje dårleg vêr...
Yrande liv på Fløysletten søndag trass dårleg vêr. (Foto: Andre Marton Pedersen)
Cathrin Valestrandmandag 08. feb. 2016 09:44

Bildeserie:

Sofia, Malene og André kosar seg på Kom deg ut dagen. (Foto: André Marton Pedersen)
Sofia, Malene og André kosar seg på Kom deg ut dagen. (Foto: André Marton Pedersen)
Malene og Turbo deler ein klem (Foto: Andre Marton Pedersen)
Malene og Turbo deler ein klem (Foto: Andre Marton Pedersen)
Grille pølser på bål er alltid populært. Yasmin (9) koser seg ved bålet. (Foto: André Marton Pedersen)
Grille pølser på bål er alltid populært. Yasmin (9) koser seg ved bålet. (Foto: André Marton Pedersen)
Turborevane danser på Kom deg ut-dagen på Fløyen. (Foto: André Marton Pedersen)
Turborevane danser på Kom deg ut-dagen på Fløyen. (Foto: André Marton Pedersen)
1 av 4

Det var mykje vêr og vått då Bergen og Hordaland Turlag arrangerte Kom deg ut dag på Fløyen. Barnas Turlag på Os hadde ikkje eige arrangement i samband med dagen.

– Osingane er tøffe, så eg reknar med nokre fann vegen til Fløysletten og arrangementet vårt der, seier André Marton Pedersen i Turlaget.

Krevjande vêr

Mellom 300 - 400 turglade fann vegen til Fløyen og dei ulike aktivitetane som var der, mellom anna bogeskyting, ansiktsmaling og grilling av pølser over bål. Turbo-maskotane var i full vigør og opna arrangementet med Turbo-dansen for å få opp varmen i det heller sure vêret.

– Det var regel drittvêr. Det regna sidelengs og bles friskt, så det var rett og slett litt krevjande forhold. Dørstokkmila vart gjerne litt ekstra lang i går.

– Nokre fann ly i lavvoane eller varme rundt bålet, og ein drøss med ungar sprang rundt og heldt varmen på den måten.

Jubileum

Det er 20 gong Kom deg ut dagen vert arrangert, og arrangementet har 10-års jubileum i år.

– Det er Noregs største nasjonale turdag. Og det assar veldig godt i år, for i heuile år har Den norske turistforeningen (DNT) familieår. Det vil seia at familemedlemskapet er ekstra rimeleg, og at vi har fokus på familieturar og famileorienterte arrangement.

– Glade born som er trygge ute og veit å ferdast i naturen og har gode naturopplevingar er eit fint utgangspunkt for eit aktivt friluftsliv vidare oppover i alder, avsluttar Pedersen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.