Lokal | 19. nov. 2013

– Det gjer noko med deg

Bildeserie, behind the scene: Bjørn Sundquist møtte Frank Sælen under filminnspeling. – Dette er ein fantastisk butikk, seier Sundquist om Sælen Møbler.

– Det gjer noko med deg
Bjørn Sundquist i rolla som møbelhandlar Harold Lunde og møbelhandlar Frank Sælen (i rolla som seg sjølv) slår av ein prat (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 19. nov. 2013 15:07

Bildeserie:

Mykje presse var på plass då filmskaparane inviterte til medietreff (foto: AH)
Mykje presse var på plass då filmskaparane inviterte til medietreff (foto: AH)
Arild Sælen diskuterar med innspelingsleiar og skodespelarar (foto: AH)
Arild Sælen diskuterar med innspelingsleiar og skodespelarar (foto: AH)
Bjørn Sundquist har hovudrolla i filmen "Her er Harold" (foto: AH)
Bjørn Sundquist har hovudrolla i filmen "Her er Harold" (foto: AH)
Også dei lokale møbelhandlarane måtte stille opp for pressa (foto: AH)
Også dei lokale møbelhandlarane måtte stille opp for pressa (foto: AH)
Brørne Tommy og Arild Sælen blir intervjua med Bjørn Sundquist i bakgrunnen (foto: AH)
Brørne Tommy og Arild Sælen blir intervjua med Bjørn Sundquist i bakgrunnen (foto: AH)
Manusforfattar og regissør Gunnar Vikene er strålande nøgd med lokasjonen (Foto: AH)
Manusforfattar og regissør Gunnar Vikene er strålande nøgd med lokasjonen (Foto: AH)
Tommy Sælen nytta høve til å utvida familiealbumet med bilete av dottera og ei venninne saman med Vidar Magnussen (foto: AH)
Tommy Sælen nytta høve til å utvida familiealbumet med bilete av dottera og ei venninne saman med Vidar Magnussen (foto: AH)
1 av 7

I desse dagar er det filminnspeling på Sælen Møbler på Søfteland. Filmener "Her er Harold", med Bjørn Sundquist i hovudrolla som møbelhandlar Harold Lunde.

Her er Harold er ein fandenivolsk komedie om den fallerte møbelhandlaren Harold Lunde som reiser til Sverige for å kidnappe IKEA-gründer Ingvar Kamprad etter at "Lunde møbler" går konkurs etter 40 års drift. Årsaka til at det er slutt er at IKEA opnar sitt gigantiske møblesenter i Åsane, vegg i vegg med den lille møbelbutikken til Harold.

– Vi var på jakt etter eit eigna lokale for innspeling av scenene i møblebutikken då vi var så heldige å komma over Sælen Møbler.

– Eg visste ikkje at det var ein så stor møblebutikk på Søfteland. Den passa heilt perfekt. Vi var faktisk i ferd med å gje opp og i staden byggja ein møbelbutikk i eit tomt lagerlokale då vi oppdaga denne, forklarar produsent Maria Ekerhovd.

Snøen kom som bestilt

Tysdag var pressen invitert til å oververa litt av filminnspelinga. Scenen som blei skoten var opningscena, kor namnsmannen nettopp har kome på besøk for å ta bilen til Harold og møblane i butikken.

– Det står faktisk i manus at det skal snø, så meir perfekt enn dette kan det ikkje bli.

– Lokala til Sælen Møbler passar som hånd i hanske til filmen.

– Dei type møblar dei har her kunne godt ha vore den type møblar Harold hadde i butikken sin.

– I tillegg så gjev det store og lange lokalet ein fantastisk djupne i filmen, fortel Ekerhovd.

– Til å få frysningar av

Arild Sælen, som saman med bror Tommy, har kontakta med skodespelarane og filmcrewet, fortel at innspelinga gjev dei frysningar på ryggen.

– Opningsreplikken til Bjørn er heilt rå.

– Det kunne vore ei reell historie. Over 30 butikkar har sikkert gått konkurs sidan gamlingen starta her, fortel Arild.

– Arild, Tommy og familien har vore heilt fantastiske å jobba med. Makan til entusiasme skal ein leita lenge etter, skyter Ekerhovd inn.

To møbelhandlarar møtast

Far, Frank Sælen, held seg trygt i bakgrunnen, men let seg lokka fram når Midtsiden vil ha eit bilde av den ekte møbelhandlaren og Harold.

– Eg synest no det er mykje styr dette her, men når gutane har sagt A, så må vi jo berre seie B, smiler far sjølv i det han set seg ned med Bjørn Sundquist.

– Det er ein fantastisk butikk å kome inn i dette. Den er med på å gjera fallet til Harold mykje større.

– Det er jo to etasjar i 90 meters lengde med masse flotte kvalitetsmøbler her, akkurat som Harold ville ha solgt, seier Sundquist.

– Gjer det noko med rolletolkinga di å spela i slike omgjevnader?

– Heilt klart. Den gjer noko med deg.

– Du veit omgjevnader som dette gjer det enklare å tre inn i rolla som fallert møblehandlar, smiler skodespelaren.

Tømmer lokalet

Sælenbrødrene hadde ikkje sett for seg at det skulle bli så svært når dei sa ja til å låna vekk butikken (som faktisk er open under filminnspelinga).

– Dei skal jo brenna den ned også, så på torsdag då dei har innspelingsfri, så skal vi tømme heile dette lokalet, slik at dei får skote brannscenane.

– Vi får hjelp frå idrettslaget til å flytta møblane over til lageret, så får vi håpe filmfolka veit kva dei gjer, seier Arild Sælen med eit smil.

– Det skal nok gå bra, berre vi ikkje løyser ut sprinkelanlegget. Det er eigentleg den einaste uroa eg har, beroligar Svanhild Sørensen i produksjonsteamet før ho forsikrar om at dei har henta inn dyktige folk til å rigga den aktuelle scena.

Funfact: I opningsreplikken sin fortel Sundquist om korleis han gjennom førti år har laga ein stol med fire lag olje og fire lag lakk. I følgje dei ekte møblehandlarne går ikkje dette. Lakken vil ikkje feste seg om den blir lagt oppå olje. I staden nyttar ein gjerne ei blanding av lakk og beis for å gje møbla farge og skydd.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.