Vêret i Os | 19. des. 2023

Det ligg an til kvit jul i Os

Etter store mengder regn går det mot ei kald og kvit julehelg.

Det ligg an til kvit jul i Os
Yr og Storm er ueinige om romjulsvêret, med dei spår begge snø i Os til jul. Bildet er frå 13. desember 2022.(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Susann Haukeland Børnes
Susann Haukeland Børnestirsdag 19. des. 2023 10:56

I dag er det fem dagar til julaftan og grått og vått i Os.

Den kalde starten på vinteren snudde til nokre våte førjulsdagar, men no skal det bli lettare og litt kaldare.

Yr melder lettskya onsdag, Storm melder noko nedbør midt på dagen.

Begge spår 4 til 7 plussgradar og regn på datid torsdag, men på kvelden kjem vêromslaget.

Slik ser det foreløpige julevêret ut:

Frå fredag av er det meldt snø, lett bris og 3 gradar på det varmaste.

Laurdag 23. desember er det meldt noko sol, minus 2-3 gradar og snø.

På julaftan held temperaturen seg låg, med minus 2 gradar til 3 varmegradar.

Det blir meldt om variasjon av snø og sludd.

Første juledag, 25. desember, kan det vera for seint å testa akebrettet du fekk under treet kvelden før.

Det er nemleg meldt varmare og meir nedbør. Men Yr og storm er ikkje einige om prognosane.

Yr melder 0 til 1 varmegradar og snø medan Storm melder stigande temperatur opptil 6 varmegrader og regn.

Andre juledag, tysdag 26. desember, held Yr fram med låg temperatur og sol mens Storm melder meir regn og 5 varmegradar.

Onsdag 27. desember melder Yr fortsatt 0 til 1 varmegrad, sol og snø, og Storm melder regn og 7 varmegradar.

Det som blir mest spennande i romjula blir kanskje om temperaturen blir låg nok til at nedbøren landar som snø i skianlegga rundt oss.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.