Olsen, Lothepus og Daae Børnes ved Bergen Marinesenter sin base i Bergen måndag.

– Det var godt å få selt han

Lothepus fekk hjelp frå Os då han skulle kvitta seg med «Hovda». Fiskeskøyta skal no bli restaurant.

image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Før Leif Einar «Lothepus» Lothe i går var og tente på store mengder fyrverkeri på Særvoll (sjå video og bildeserie) var han i Bergen og selte båten sin.

Til å kvitta seg med skøyta fekk han hjelp av Ståle Daae Børnes, som med Bergen Marinesenter har slått seg opp med sal av større bruktbåtar.

• Les òg: Sel bruktbåtar for 100 mill i året

– Dette er nesten den største og nesten den billigaste båten eg har selt, seier Ståle og ler.

– Normalt tar eg ikkje denne typen oppdrag. Det tekniske kunne eg ikkje gå god for, det blei for komplekst, derfor anbefalte eg interessentar å ta med seg fagfolk om bord.

Han fortel at det har blitt mange telefonar etter at skuta blei lagt ut for sal, men at langt frå alle kjem under kategorien «seriøse henvendelser».

– Samtidig var det ein del reelle interessentar, blant anna ein svenske, som i utgangspunktet kjøpte båten. Men då denne tidlegare fiskeskøyta ikkje var lov å selja ut av landet så havarerte handelen.

Reiar utan båt

Lothepus seier han kjenner Ståle frå tidlegare båtprat, blant anna på Tysnesfest.

– Det er ikkje berre enkelt å selja så store båtar. Itillegg ville eg ha hjelp med alt papirarbeidet, det er sånt som eg ikkje er så glad i, seier Lothe til Midtsiden.

På veg til Bergen for å levera «Hovda» leverte han den andre skuta si.

– No er eg reiar utan båt. Eg har nett lansert mitt eige sider, «Lotherus», produsert hos Alde Sider, så eg har ikkje tid til å fara og ausa på gamle trebåtar.

– Eg kunne godt tenkt med ein liten yacht, men dei er jo så dyre. Om nokon veit om ein billig 60-70 fotar i plast så får dei heller ta kontakt.

Skal bli restaurantbåt i Bodø

– Sonen min ville starta restaurant eller pub i Bodø, men vi fann ikkje godt nok lokale, fortel kjøpar Leif Helge Olsen.

– Hamna i Bodø, sjølve indrefileten, har blitt oppgradert med kulturhus og bibliotek den siste tida, og har blitt eit skikkeleg vrimleområde. Det her vi vil vera, og så dukka ideen om restaurantbåt opp.

Båten kjenner han godt frå TV-serien om Lothepus og Olsen synest det er stas at dei no skal opna fiskerestaurant i ein båt med litt kjendisstatus.

No skal han og sonen, Finn-Markus Olsen, bruka vinteren på å innreia skuta for flest mogleg gjestar. Dei har òg vore i dialog med kommunen og håper å få ein god kaiplass.

– Det blir sikkert også sånn at vi legg frå land i periodar for å køyra rundt på festivalar som flytande restaurant.

Olsen er no på veg nordover, men har fått lekkasje på ei pumpe og ligg nær Ålesund for å venta på delar.

– «Hovda» har lagt i ro ei stund, så vi blei åtvara mot at det kunne bli litt småproblem. Det blei det òg, men det taklar vi heilt fint.