Lokal | 24. sep. 2016

– Det var kuuult!

Ekstatiske ungar då brannvesenet demonstrerte klipping av bil under open dag på beredskapssenteret.

– Det var kuuult!
Folk følgde godt med då vaktlaget demonstrerte korleis dei klipte ein bil som hadde kollidert (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 24. sep. 2016 12:07

Bildeserie:

Open dag på beredskapssenteret (foto: Andris Hamre)

Anne Lyssand frå lensmannskontoret hadde med seg både politibil og handjern, men på brannstasjonen var det ingen tjuvar å fakke (foto: Andris Hamre)

Legevakta stilte med bamsesjukehus (foto: Andris Hamre)

Informasjon før demonstrasjonen (foto: Andris Hamre)

Kort utrykningsveg frå garasjen til øvingsområdet (foto: Andris Hamre)

Bilen blir klipt og trekt frå kvarandre (foto: Andris Hamre)

Før pasienten blei frakta ut (foto: Andris Hamre)

1 av 14

Laurdag var det opent beredskapssenter på Moberg då brannvesenet hadde fått med seg legevakta, ambulansen og politiet på open dag.

– Eg er strålande nøgd. Det er mykje jobb med dette, men utruleg artig å sjå alle dei ivrige ungane, og forsåvidt dei vaksne òg. Eg trur det er mange av dei som tykkjer det er like spennande å sjå utstyret vårt og korleis vi jobbar, sa Anne Kjersti Storebø, leiar for forebyggande avdeling i Os brann og redningsvesen medan ho sto og kopierte opp fleire diplomar og spørsmålsark.

Også i år blei det nemleg stor pågang allereie frå klokka 11 då stasjonen opna dørane. Truleg så mange som 1000 besøkande hadde vore innom då brannvesenet avslutta demonstrasjonen omlag klokka 13.

Sikre og varsle

Ute på plassen framfor stasjonen sto ein bil som hadde fått seg ein trøkk. Inne i bilen sat to dukker som brannvesenet skulle redda ut, men før demonstrasjonen fekk både vaksne og ungar ei påminning om kva ein skal gjera når ein kjem først på ein ulykkesstad.

– Det første de må gjera er å ta på dykk refleksvesten de har i bilen og å setta ut varseltrekanten eit stykke unna ulykkesstaden. Det er viktig at de tek vare på dykkar eiga tryggleik også, forklarte Storebø, som også understreka at det ikkje var så viktig å hugse kven ein skulle ringa til for å varsle.

– Om de ringer 110, 112 eller 113 speler ikkje så stor rolle. Vi samarbeider godt på tvers av brannvesenet, politiet og ambulansetenesta, så vi får beskjed alle saman, forsikra Storebø før vaktlaget rykka ut med sirene og blålys for å demonstrera korleis dei jobbar på ulykkesstaden.

– Det var kuuult, kommenterte ein av unggutane etter at brannvesenet hadde klipt og trekt frå kvarandre den øydelagte bilen og redd ut dei to som satt inne i den.

Like kult var det å få testa både brannbilane, brannstanga inne på stasjonen, ATV-en og handjerna til Anne Lyssand frå lensmannskontoret.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.