Lokal | 12. des. 2011

Dette er eit fortau!

Øyafolket kvir seg til det frys på igjen.

Dette er eit fortau!
Kanskje det var i Øyane at skøytestjerna Sverre Lunde Pedersen skulle ha vakse opp? (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 12. des. 2011 10:32

Det er vanleg med store dammar nær fortau, men heller sjeldan at vi ser fortau heildekka av vatn.

Langs Røtingavegen på Bruarøy er eit strekk på nesten 100 meter klar til å bli speglblank is.

Fortauet ser nesten ut som det eine bassenget på Solstrand, der du ikkje ser skiljet mellom basseng og fjord i det du stig uti.

– Eg får dagleg høyra folk som klager på dette. Ikkje berre kvir folk seg til det frys på, vatnet gjer at fleire ungar går utanfor fortauet på veg til skulen, seier Inglaug Brimsholm på Vedholmen Landhandel.

Dette strekket er heller ikkje den delen av Røtingavegen der bilane kjører seinast.

– Det har knapt vore tatt vedlikehald på vegen sidan den var ny på slutten av 70-talet. No er det på tide at noko reinsker grøftene, synes Brimsholm.

I mellomtida er det berre til å finna fram skøytene, for til helga skal det bli kaldt igjen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.