Næringsliv | 24. mars 2014

– Dette har vore etterlengta

Matattaché for Hordaland Fylkeskommune, Gunnar Nagell-Dahl, jublar over opningen av Gastronomen.

– Dette har vore etterlengta
Matattaché for fylkeskommunen, Gunnar Nagell Dahl, sto for den offisielle opninga av Gastronomen (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 24. mars 2014 13:29

Måndag opna Gastronomen Delikatesse og Fetevare dørene etter nokre månader med hektiske førebuingar.

Til å stå for den offisielle opninga hadde dei i dag fått inn matattaché for Hordaland fylkeskommune, Gunnar Nagell Dahl.

Les òg: – Say cheese!

– Eg har hatt gleda av å vera med på å opna fleire butikkar og gardsutsal med lokalmat.

– Endeleg har vi fått tilbodet på Os òg. Dette har vore etterlengta.

– Eg kjem i allefall til å bruka dykk, helsa Nagell Dahl.

– Bruk dei!

Matattacheen hadde ei klar oppfordring til sambygdingane frå Os.

– No må osingane kjenne si besøkelsestid og nytta dette tilbodet.

– Om ikkje så forsvinn grunnlaget for drifta og blir utvalet fort mindre og ikkje så interessant.

– Eg håper og trur dette skal bli bra.

Fin kombinasjon

Midtsiden nytta høve til å få ei rask vurdering av utvalet hos Gastronomen frå fagmannen.

– Kombinasjonen av lokalproduserte varer, som osten frå Tysnes og dei franske ostane ved siden av trur eg er vegen å gå.

– Det samen gjeld skinkene og pølsene. Her er det jo både lokale og importerte varer, seier ein nøgd Nagell Dahl.

– Etter nokre magre år er verksemder som dette verkeleg på veg oppatt. Vi som kundar har blitt meir medvitne og tek desse meir og meir i bruk.

– Du ser berre korleis dei store kjedene no tek etter spesialbutikkane som Gastronomen.

– Hadde du sagt det til meg for fem seks år sidan, så hadde eg ikkje trudd deg.

– Som manna frå himmelen

Ordførar Terje Søviknes (Frp) har allereie nytta butikken til møtemat på rådhuset.

– Av og til skjer ting i siste liten. Då vi skulle ha møte med Statens vegvesen, Skyss og fylkeskommunen i dag mangla vi lunsj til gjestene.

– I løpet av kort tid var nydlege rundstykker på bordet. Det var god smørning til gjestane våre, smilte Søviknes, som ikkje la skjul på kor viktig han synest etableringa er.

– Som de veit har vi starta prosjektet med å få meir liv på Øyro.

– De kom som manna frå himmelen i høve det prosjektet. Den krafta Gastronomen tilfører sentrum trur eg er heilt uvurderlig. Tusen takk for at de tør satsa, helsa ordføraren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.