Lokal | 14. nov. 2014

Dette kan kosta 2000 kroner

Feil lysbruk kan føra til forelegg på 2000 kroner. I går blei ein ung bilførar stoppa grunna ulovleg bruk av tåke-/kurvelys.

Dette kan kosta 2000 kroner
Sånn lysbruk kan du kjøra med på dagtid, men ikkje når det er mørkt. (Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 14. nov. 2014 09:08

Torsdag i 23-tida stoppa politiet i Os ein fersk bilførar grunna feil lysbruk.

– Vi har gjeve muntlege åtvaringar i lengre tid, men no fører feil lysbruk til reaksjonar, åtvarar politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Guten som blei stoppa i går er knappe 20 år gamal og kjørte med tåke-/kurvelys.

Tåke-/kurvelys er lov å bruka som kjørelys på dagtid, men gjev ikkje godt nok lys etter at sola har gått ned.

Lysa er berre lov å bruka saman med nærlys eller fjernlys ved kurvekjøring i låg fart (10-20 km/t).

Vedkomande kan venta seg eit forelegg. Kor stort der blir er uvisst, men ofte er det snakk om 2000 kroner.

Bråkete mann kjørt til arresten

I 3-tida natt til fredag var politiet ute på eit anna oppdrag.

Naboar varsla politiet då ein mann var utagerande på besøk på ei privat adresse.

– Vedkomande, som er i slutten av 20-åra, blei kjørt til Bergen via legevakt og fekk sova ut rusen i arresten. Han er meldt for forholdet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.