Lokal | 15. feb. 2018

– Dette kunne vore unngått

I går, ti dagar etter at BKK blei varsla om fleire rotvelt, blei vegen sperra og 2000 på Søfteland mista straumen.

– Dette kunne vore unngått
Hovudbildet er tatt frå oppsida onsdag morgon, innfelt bilde blei sendt til BKK Nett 4. februar for å unngå vegsperring, straumbrot og fare personskade. (Lesarbilde: Gro M. Søfteland)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 15. feb. 2018 09:53

Osbygda kom seg ganske heilskinna gjennom stormen onsdag kveld og natt til torsdag, men på Søfteland var rundt 2000 abonnentar utan straum ein liten time.

– Det er ti dagar sidan eg varsla BKK Nett om fleire rotvelta tre som truga både høgspentlinjene og vegen, seier Gro M. Søfteland.

Trea blei ikkje fjerna. Klokka 23.15 onsdag kveld høyrde ho eit brak og såg gneistrane sto ned gjennom dalen. Så gjekk straumen.

– Glad ingen skuleelevar blei skadde

– I dag tidleg fekk eg stadfesta det eg trudde, det er trea eg hadde varsla om 4. februar som både tok straumen og som i går kveld sperra vegen.

– Straumen kom tilbake i løpet av ein time, og nokon har kappa toppen av det eine treet så eg kom meg forbi, delvis i grøfta med den vesle bilen min.

Søfteland er likevel glad dette skjedde på kveldstid.

– No har det vore kraftig vind på dagtid både i går og i dag. Dette er skuleveg for fleire born, eg er glad desse trea ramla i vegen seint på kvelden. Men eg er skuffa over at ikkje BKK Nett har fjerna dei i løpet av ti dagar.

– Skal prioriterast

Hos BKK Nett blir det stadfesta at straumen var vekke hos rundt 2000 abonnentar frå klokka 23.15 til 00.05 onsdag kveld.

– Det var ei kortslutting etter rotvelt i Jessadalen, men det var ingen skader på linjene, seier kommunikasjonsrådgjevar Anne Mette Tuvin.

– Burde desse trea vore fjerna tidlegare, sidan dei allereie var tipsa om?

– Vi har hogst langs høgspentlinjer med fast mellomrom, i tillegg har vi sikringshogst på bakgrunn av tips. Desse skal prioriterast. Eg vil undersøkja kvifor dette tipset i Jessadalen ikkje har ført til tidlegare rydding.

– Vi har sjølvsagt eit ønskje om å unngå både skade på linjene våre og straumbrot hos abonnentane, og er takksame for at folk sender oss tips.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.