Lokal | 13. des. 2017

Direktoratet avviser Hamnesjefen-klager

Kommunen var i sin rett til å felle Hamnesjefen, men burde skriftleggjort alternativa dei vurderte.

Direktoratet avviser Hamnesjefen-klager
Den aggressive knoppsvanen blei avliva natt til 3. august (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamreonsdag 13. des. 2017 10:26

Miljødirektoratet har handsama klage på Os kommune si avliving av knoppsvanen i Os hamn, kjent som Hamnesjefen, frå advokatfirma Elden v/Per Magne Kristiansen og NOAH for dyrs rettigheter.

I svaret til dei to klagarane kjem det fram at kommunen var i sin rett til å fatta vedtak om skadefelling av knoppsvanen i tråd med delegert mynde frå Miljødirektoratet sitt brev av 16. september 2013.

– Uttaket er fatta med heimel i naturmangfoldlova (nml) § 18 tredje ledd jf. første ledd c) og Miljødirektoratet sitt brev 16. september 2013 kor kommunane er gitt mynde til av eige tiltak å iverksetta uttak av "særleg aggressive individ av knoppsvaner og kanadagås når ei oppheld seg på områder kor dei utgjer ein fare for skade på person, eller hindrer ferdsel". Det framgår av både nml § 18 tredje ledd og av Miljødirektoratet sitt delegeringsbrev at uttak av eget tiltak ikkje er eit enkeltvedtak og beslutninga kan følgeleg ikkje påklagast etter reglane i forvaltningslova, skriv Miljødirektoratet.

Vurderte alternativ

I klagane som er sendt Miljødirektoratet blir det anført at kommunen ikkje i tilstrekkeleg grad vurderte andre alternativ til skadefelling.

Dette avviser Miljødirektoratet.

– Sjølv om vurderinga av handlingsalternativa ikkje nedfellast skriftleg, skal kommunen likevel foreta denne vurderinga før beslutninga fattast... ...Av meldinga (kommunen si beslutning, journ.mrk) side 2, avsnitt om nml. § 10, siste setning, går det fram at "Uttaket truar ikkje bestandens overlevelse og formålet kan ikkje nåast på annan tilfredsstillande måte".

– Dette innebærer at kommunen har vurdert alternativer, utan at dei alternativer som er vurdert, er nedfelt skriftleg. Til dette kjem også at det var muntleg dialog mellom kommunen og direktoratet mellom anna i høve til handlingsalternativer i forkant av beslutninga om uttak.

– Det bør nemnast at Miljødirektoratet mottok 12. juli 2017 søknad frå kommunen om tillatelse til å fange og flytta knoppsvanen. I søknaden blei fleire flyttealternativ nemnt. Søknaden blei avslått i vedtak 21. juli 2017.

– Dette viser at vurderingane blei foretatt, både i forkant og etter beslutninga blei fatta, konkluderer Miljødirektoratet.

Burde gjort det skriftleg

Grunna merksemda saka fekk ser Miljødirektoratet at dei ulike alternativa som blei vurdert kunne vore gjort skriftleg.

– Det stilles som nemnt ikkje krav til skriftleg grunngjeving for slike beslutningar/meldinger, men vi ser med bakgrunn i saken sin karakter at det hadde vore ønskeleg med meir utfyllande informasjon om dei handlingsalternativ som blei vurdert då beslutninga blei nedfelt skriftleg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.