Lokal | 01. nov. 2016

Dobbelthallen ute på anbod

Kostnadsramma for den nye dobbelthallen på Kuventræ er auka til 60 millionar. Kommune har bedt entreprenørane om å koma med tilbod.

Dobbelthallen ute på anbod
Entreprenørane har frist på seg til 12. desember for å gje tilbod på den nye idrettshallen på Kuventræ (ill: Os kommune)
Andris Hamretirsdag 01. nov. 2016 17:44

I kommunestyret tysdag orienterte prosjektsjef Tor Inge Døsen om dei største utbyggingsprosjekta i kommunen, mellomanna den nye doble idrettshallen på Kuventræ.

– De skal seinere i dag vedta reguleringsplanen for sentralidrettsanlegget på Kuventræ. Som de ser av teikningane må vegen leggast litt om, men det ser ut som vi kan få til ei avtale med grunneigaren, innleia prosjektsjefen.

Ligg på Doffin

Parallelt med reguleringsplanen har administrasjonen arbeid med anbodsgrunnlaget for den nye hallen.

– Det blir ein dobbelt idrettshall, kor vi legg opp til parkering under. Dette ligg no ute på Doffin med frist til 12. desember på å gje pris. Då er det tidsnok for kommunestyret å gjera justeringar i kostnadsramma om det viser seg at vi ikkje er innanfor, men eg håper vi slepp det. Om det går vegen kan vi byrja arbeidet no i vinter.

Legg opp til totalentreprise

Anbodet legg opp til ein totalentreprise.

– Vi har laga anbodsgrunnlaget sjølv og har gjort som vi gjorde på Osbadet i si tid, kor vi ber om tilbod uten å ha tekna ferdig anlegget. Dette er ei ekte totalentreprise, så det ligg inga teikningar i bordet i dag.

– Den vedtatte ramma er på 40 millionar, vi har i dag estimert kostnaden til 60 millionar, der har rådmannen tatt høgde for i budsjettframlegget som kjem seinare i dag, forklarte Døsen.

Dobbelt hall i tre etasjar

I anbodsdokumenta på Doffin skriv kommunen følgjande om prosjektet.

– Os kommune skal realisere ny dobbel fleirbrukshall i Os Idrettspark på Kuventræ. Den nye hallen skal byggast inntil eksisterande anlegg Os Idrettshall (1985) og Osbadet ( 2006).

Inkludert i prosjektet skal det utførast ei moderat ombygging av eksisterande adkomstsone/vestibyle til Osbadet. Etter sluttføring av denne totalentreprisen skal den samla bygningsmassen framstå som eit samla anlegg på ein funksjonell måte.

Omfanget av prosjektet blir beskriven som ein ny dobbelt fleirbrukshall i 3 etasjar i direkte tilknytning til eksisterande fleirbrukshall og Osbadet. Samla BRA golvareal er 6065 kvadratmeter.

Ein har også lagt inn ein opsjon på eit mindre utbygg for klatrevegg L x B x H = 15 x 7 x 10 100 m2 (opsjonspris). Kostnaden for klatrevegg/-rom skal tilbys som opsjonspris og ikkje medtakast i tilbudsprisen.

Planlagt startdato er satt til 16. januar 2017 med ferdigstillelse 31.12.17.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.