Kultur | 31. okt. 2014

Dobla Halloween-interesse i Os

Halloween har kome for å bli: Både salet av kostyme og graskar-omsetnaden er dobla frå rekordåret 2013.

Dobla Halloween-interesse i Os
May-Britt Nymark Skåla hos Europris viser fram den populære Halloween-avdelinga i butikken. (Foto: Kari Marie Austevoll Lyssand)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 31. okt. 2014 11:22

Den katolske feiringa og den europeiske tradisjonen med markeringa av All Hallows Eve (Allehelgensaften), som irske emigrantar tok med seg til USA på 1800-talet, har frå 2000-talet fått fotfeste i Noreg, og i Os er det ei eksplosiv auke.

– I fjor selte vi 400 kilo med graskar, som omtrent var dobling frå året før, i år har vi selt 800 kilo og det er berre restar igjen.

– Hos Bama er det tomt, så vi får ikkje inn meir, fortel Trine Dyke, butikksjef hos Kiwi Moberg.

Les òg: Graskar-feber i Os

Korleis kutta graskar-figurar med kule tenner?

Sjå denne videoen på Youtube.

80 prosent opp på Europris

I fjor valte Europris å satsa stort på Halloween-effektar og -kostyme.

– Då sa det berre pang, det blei ein stor suksess, fortel May-Britt Nymark Skåla, butikksjef på Europris i Os.

I år føler ho at det har gått meir jamt og trutt, men når ho sjekkar tala ser ho at salet av Halloween-effektar nesten er dobla i forhold til i fjor.

– Vi har ei auke på 80 prosent.

Fleire lager fest

Det Europris sel mest av er effektar og dekorasjonar.

– Det ser ut som om mange lager selskap for små, og at fleire ungdomar lager fest med Halloween som tema.

Trass auka er Halloween-sesongen langt frå like vktig for butikken som påske og jul.

– Men det ser absolutt ut som om feiringa har kome for å bli. Den har allereie vore populær i fleire land, ikkje berre USA, og det er tydeleg at mange synest Halloween er veldig spennande tema.

Les meir om Halloween på Wikipedia

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.