
Lyktestolpen mannen hogde måtte byttast, noko som kosta kommuen drygt 16.000 kroner (foto: Varde Media)
Dømd for skadeverk
Det var 8. mai i fjor at osingen i byrjinga av 20-åra hogg ned ein lyktestolpe i Stemmevegen og fleire tre langs Mobergsbakken og i rundkøyringa på Moberg.
I slutten av januar måtte han møta for Nordhordland tingrett tiltalt for ugjerninga.
Tiltalen gjekk på
a) at han den 8. mai ca kl 05.38 hadde hogge ned einlyktestoplen i Stemmevegen med øks, slik at den måtte bytast ut for kr 16.088,75
b) at han om lag på same tidspunkt hadde hoggd fleire tre langs Mobergsbakken og i rundkøyringa på Moberg.
I tillegg omfatta tiltalen eit punkt c) kor han den 22. mai kl 03.22 skal ha kutta ein dieselslange med kniv og øydelagt ein kortautomat på ein bensinstasjon i Os sentrum.
Hevda han ikkje var på staden
Mannen hevda i retten at han ikkje hadde vore i nærleiken av staden som i tiltalen var omtala som punkt a og b. Mannen forklarte at han hadde drukke alkohol og vore berusa og at han stilte seg tvilande til at aktors vitne på det aktuelle tidspunktet visste kven han var.
Retten førte fire vitne i saka, mellomanna ein taxisjåfør som observerte tiltalte og ein anna person han ikkje kjende att i rundkøyringa på Moberg.
Då taxisjåføren omlag 20 minutt seinare kom tilbake frå turen han hadde observerte han at treet i rundkøyringa var felt og at eit anna tre omlag 50 meter lengre opp i Mobergsbakken også var felt og låg over fortauet. Omlag 300 meter frå det siste treet såg han lyktestolpen som sto på skakke og tiltalte som sto ved sidan av med øks.
I følgje politiet blei ei øks seinare funnen i nærleiken av lykestolpen.
Retten fann det bevist at mannen hadde handla forsetteleg og dømde han for dei to postane.
Blei filma
For det siste tiltalepunktet meinte retten det var heva over einkvar rimeleg og fornuftig tvil at det var tiltalte som hadde kutta dieselslangen og øydelagt kortautomaten.
Retten stetta seg til bilete frå overvakningskamera, tiltaltes eigen forklaring og innehavaren på bensinstasjonen.
Tiltalte forklarte at han også denne kvelden og natta hadde vore ute og at han var berusa. Han innrømma å ha kutta dieselslangen, men kunne ikkje hugse at han hadde øydelagt kortlesaren, men antok at han hadde gjort det.
Mannen blei dømd i tråd med aktoratet sin påstand om 7000 kroner i bot for overtredelse av straffelovens § 291 første ledd jf andre ledd, subsidært 14 dagers fengsel. I tillegg blei han dømd til å betala 4000 kroner i saksomkostningar til det offentlege.
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no
