Lokal | 18. des. 2017

Dømd til fengsel og bot

Tatt med amfetamin og hasj, men slepp fengsel om han held seg i skinnet i to år.

Dømd til fengsel og bot
Ein osing i 20-åra blei dømd i Bergen Tingrett tidlegare denne månaden (ill.foto: KVB)
Andris Hamremandag 18. des. 2017 14:32

Ein osing i midten av 20-åra blei i Bergen tingrett tidlegare denne månaden dømd til 16 dagar i fengsel, men fullbyrding av straffen blir utsatt med ei prøvetid på to år.

I tillegg blei han dømd til å betala ei bot på 5000 kroner, subsidiært fengsel i ti dagar.

– Påtalemynde har anført at straffen bør settast til betinga fengsel i 16 dager og at den betinga fengselstraffen utan tilståing ville ha vore 21 dagar. Retten er einig i dette. Det er imidlertidig naudsynt at sikta gis ein følbar reaksjon på sine overtredningar, og han blir difor dømd til ein bot på kr 5000,-, subsidiært om boten ikkje lar seg inndrive, fengsel i 10 dagar, som foreslått av påtalemynde, heiter det i dommen.

Tilsto alt

I rettsaken sto mannen tiltalt for å hatt 3,20 gram amfetamin på seg ein kveld i april. Han blei også tatt med 5,08 gram brutto hasj og 0,42 gram amfetamin, samt 0,9 gram hasj og omlag 1 gram brutto amfetamin ved to seinare anledningar, sist i november.

I retten gav mannen ei tilsåing utan atterhald, noko som blei styrka av dei øvrige opplysningane i saka.

Sikta er domfelt ein gong tidlegare. Domfellinga gjaldt mellom anna brot på narkotikalovgiving.

– Det er skjerpande at han no igjen blir dømd for slike handlingar, heiter det i dommen.

Det er mengden amfetamin han hadde på seg i april, som gjer at han blei dømd til fengselstraff.

– Dei øvrige tilhøva han blir dømd for, kunne isolert sett vore avgjort ved forelegg. Det er imidlertidig skjerpande at sikta stadig pådreg seg nye liknande saker.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.