Lokal | 19. des. 2014

Dømt for 17 forhold

Ein mann frå Os er dømt for niande (!) gong og må inn til soning etter ei lang rekke lovbrot.

Dømt for 17 forhold
Bergen tinghus. (Arkivbilde: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 19. des. 2014 10:13

Ein osing i 30-åra er dømt for heile 17 forhold og fekk 7 månadar fengsel som ein samla dom.

Sikta blei i desember i fjor dømt til 120 timar samfunnsstraff, men sidan han berre har gjennomført 31 av desse timane blei den resterande straffa slått saman med dommen for 7 nye punkt.

Sikta møtte i retten og tilsto. Dei mest alvorlege punkta var innbrot og tjuveri på ei privat adresse i Bergen.

Der stal han blant anna ein kaffimaskin og ein bluerayspelar, men også nokre bilnøklar for så å stela bilen saman med ein han utførte innbrotet med. Det var han andre som kjørte bilen.

Stal hjartestartar og Mercedes-stjerne

Blant dei andre punkta var tjuveri av hjartestartar på Amfisenteret i Os, tjuveri av kartplottar og stereoanlegg frå ein båt, fleire tilfelle av oppbevaring av narkotiske tablettar, naskeri i Os og Bergen og bæring av kniv og softgun på offentleg stad.

Sikta er tidlegare dømt åtte gongar før.

No blei han dømt for desse 17 forholda: eitt grovt tjuveri, eitt bruksbiltjuveri, eitt tjuveri, fire naskeri, to skadeverk, eitt tilfelle av kniv på offentleg stad, eitt brudd på våpenlova og seks tilfelle av oppbevaring av narkotika.

I tillegg til fengsel må domfelte betala 700 kroner til ein han stal ei Mercedes-stjerne av.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.