Lokal | 28. nov. 2012

Dømt etter skyting i Dalen

Han fyrte av nødbluss og lausna skot med hagle. No er osingen dømt til ei fengselsstraff som allereie er ferdig sona.

Dømt etter skyting i Dalen
Sikta utløyste væpna aksjon i Hegglandsdalen 30. mars. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 28. nov. 2012 13:03

Fredag 30. mars var det full stopp i trafikken på Hegglandsdalen. Årsaka var væpna aksjon etter melding om skyting i eit bustadområde.

To menn blei tatt mistenkt for uaktsam omgang med våpen.

Søndag 10. juni var det ny væpna aksjon i Dalen. Også då hadde naboar meldt ifrå om skyting og røyk.

Mannen politiet tok med seg i juni er ein av dei same som blei tatt i mars.

Naudbluss og lauskrutt

Under episoden i mars hadde sikta skote med naudbluss, og så gått ut og skote i bakken med eit skytevåpen.

I juni hadde det blitt avfyrt ein røykgranat i tillegg til at det var lausna skot med ei hagle eller en hagleliknande gjenstand.

Politiet har til saman tatt beslag i ei hagle, ein hagleliknande gjenstand, ammunisjon, eit luftgevær og ein naudbluss-pistol.

Om ikkje våpenbruken var trugande så står det i dommen at; "Skytingen var ukontrollert, og risiko for alvorlig skade var til stede for samtlige skudd. Det klare utgangspunkt for straffutmålingen vil være en ubetinget fengselsstraff".

Sikta har sete varetektsfengsla sidan han blei tatt av politiet 10. juni.

6 månadar fengsel

Osingen, som er i slutten av 30-åra, er dømt 14 gongar tidlegare, i saker knytt til narkotika, vinning og brot på våpenloven.

Siste dom er frå 10. oktober 2011. Då blei han dømt til 150 timer samfunnsstraff, noko som enno ikkje er iverksatt, men som pådømte ved fleire høve har purra på iversetjing av.

Han er no, i Nordhordland tingrett, dømt for fem narkotikaforhold, fire brot på våpenloven, eitt tilfelle av uforsiktig omgang med våpen, éin ordensforstyrrelse og eitt skadeverk.

Skadeverket var då han skaut på overvakingskamera ved ein av Rema 1000-butikkane i Os med luftgevær.

Sikta blei dømt til 6 månadar fengsel, som med uthalde varetekt er ferdig sona.

Han må også betala 4.625 kroner i erstatning for det øydelagte kameraet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.