Mannen blei dømd i Bergen Tingrett tidlegare denne månaden (ill.foto: KVB)

Dømt til 15 dagar fengsel

Hadde amfetamin og anabole steroider då politiet traff på han.

Av: Andris Hamre

Ein osing i 20-åra blei dømt til 15 dagar fengsel, med fratrekk av dei to dagane han satt i varetekt, i Bergen tingrett tidlegare denne månaden.

Det var i fjor vinter at han blei tatt med 7,52 gram amfetamin og 187 tablettar som inneholdt dehydroklormetyltestosteron og metandienon, som er anabole steroider.

I tingretten gav mannen ei tilståing utan atterhald, noko som blei styrka av dei andre opplysningane i saken.

Retten fann at vilkåra for dom var til stade og dømde mannen i tråd med forslaget frå påtalemynde.

– Mengden amfetamin tilseier ein kortare ubetinga fengselstraff, jf. LB-2014-185713, kor lagmannsretten meiner at grensa for ubetinga fengsel gjekk ved 5 gram, skriv retten i dommen.

Isolert sett ville mengden anabole steroider medført ei bot og blei tillagt vekt i straffeskjerpande retning.

Det at mannen tilsto blei vektlagt i formildande retning. Mannen er ikkje tidlegare dømt for narkotikakriminalitet.