Kultur | 22. sep. 2016

Draumehaust for Oseana

Billettsalet går så det griner på Oseana. Fleire av konsertane og showa nærmar seg utseld. Stadig fleire gjer ein heilaften ut av det.

Draumehaust for Oseana
Marknadssjef Janne Mari Hjelle og restauranteigar Roald Mjeldstad kan gle seg over ein god haust på Oseana (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 22. sep. 2016 07:08

Marknadsansvarleg Janne Mari Hjelle gler seg til kvar måndag når ho tek ut rapportane frå salet i førre veke.

– Det er svært kjekk lesing. Vi har vel aldri hatt så gode vekesrapporter som vi har i år. Vi sel mykje heile tida.

Hausten høgsesong

Etter fem års drift ser Oseana tydlege skilnader på sesongane.

– Hausten er uten tvil høgsesong. Det er då folk vil innandørs og la seg underhalda. I tillegg har ein jo julebordssesongen som legg litt ekstra til den. Våren er òg bra, men ikkje på same måte som hausten. Det har kanskje noko med at ein då går lysere tider i møte og ikkje treng den same formen for underhaldning, analyserar Hjelle.

Frykter Aurora-smell

Hjelle er uroa for at osingane ikkje er om seg.

– Vi opplevde det med Aurora i vår. Då var det utseld allereie fire veker før konserten. Eg har ikkje tal på kor mange telefonar og besøk vi hadde som kom for å kjøpa billettar i perioden fram mot konserten, men det var mange.

– Allereie no er billettsalet til både Sivert Høyem og Roar Brekke godt og vel halvvegs. Vi har heller ikkje mykje igjen på dei to rustne herrane Jonas Fjeld og Ole Paus eller Knausgård-framsyninga Min Kamp, så om folk vil unngå å hamne i same situasjon som på Aurora-konserten, kor dei ikkje fekk billettar, så gjeld det å vera om seg.

Gjer det til ein heilaften

Ein annan ting Hjelle har lagt merke til er at osingane har blitt flinkare til å gjera det til ein heilaften når dei skal på konsert.

– Det er ei merkbar auking i gjestar som legg turen i restauranten for å eta middag og hygge seg før konsert. Det er kjekt å sjå at osingane lagar seg ein heilaften av det når dei tek laus, smiler Hjelle.

– No i samband med at julebordsesongen nærmar seg så har vi i tillegg laga julebordspakker både til Roar Brekke sitt show og til Doddo og Sjur Hjeltnes. Begge desse ser vi allereie fell i smak.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.