Lokal | 20. mars 2018

Droppa administrasjonen

Fellesnemnda • Politikarane ville ikkje ha med administrasjonen då dei oppretta digitaliseringsutval.

Droppa administrasjonen
Lars Erik Dalland (nr 2 fra venstre) foreslo at utvalet kun skulle bestå av politikarar, slik som ein først hadde avtalt (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 20. mars 2018 07:23

Då Fellesnemda i Bjørnafjorden kommune måndag skulle diskutere oppnevning av eit digitaliseringsutval, kom ein i motsett problemstilling i høve det ein ofte har gjort i Os kommune, kor ein gjerne har oppnemnd adhocutval med ei god blanding av politikarar og administrativt tilsette.

I framlegget frå rådmann Christian F. Fotland var det foreslått 11 personar i utvalet, fem frå administrasjonen, to tillitsvalde og fire politikarar.

– Eg har sett på bestillinga og der sto det at dette skulle vera eit politisk strategisk digitaliseringsutval. I mine auge blir dette eit meir administrativt utval. Det står òg at det skulle vera eit mandat, men det kan eg ikkje sjå ligg føre, kommenterte Lars Erik Dalland (H).

– Uansett så meiner eg at Fellesnemnda bør utnemna leiar og nestleiar, og dei bør vera politisk. Eg forslår difor dei ut utvalsleiarane Svein Lang som leiar og Eirik André Hesthamar som nestleiar.

Meinte det hadde vore diskutert

Rådmann Christian F. Fotland trudde han hadde levert ei innstilling i tråd med det han hadde presentert på førre møte.

– Sammensetninga trur eg eg refererte til sist møte og fekk ikkje noko motbør på. Det er først og fremst kompetanseområda vi er ute etter. Det at rådmenna og dei tillitsvalde er med er viktig for å få det ut i organisasjonen, men du har rett. Slik det er no så er det per definisjon eit administrativt utval med politisk deltaking.

– Det kan vera ein idé å snu det. Når det gjeld mandatet så er eg veldig oppteken av at utvalet sjølv skal få seie noko om det før de bankar det igjennom i Fellesnemnda, svara Fotland.

Bør unngå å blanda

Gustav Bahus (Frp) støtta rådmannen i at det kunne vera lurt å snu det.

– Eg synes den siste ideen er den beste. Det å blanda politikk og administrasjon bør ein unngå. Dette er ein reinslegare måte å gjera det på. Eit reint politisk utval, men sjølvsagt med møterett og -plikt frå administrasjonen. Eg stør òg heilt opp om val av leiar og nestleiar. At dette blir heilt politisk er det beste.

Bahus fekk støtte frå Margunn Y. Samnøy (Sp).

– Eg høyrer no at vi eigentleg er veldig einige. Av og til må vi skilje mellom administrativt og politisk. Det kan bli beslutningar i utvalet som er av veldig stor politisk betydning.

Konklusjonen blei at leiar av Fellesnemnda Marie Bruarøy (H) la fram eit fellesforslag kor ein berre tok med dei fire politiske representantane Lang, Hesthamar og dei to ordførarane Bruarøy og Kvåle. Dette fekk samrøystes tilslutning.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.