Meining | 03. sep. 2023

Du fekk svar på spørsmåla dine

DEBATT: Svar til kommunestyrerepresentant Roger Hoel (H).

Du fekk svar på spørsmåla dine
Trine Lindborg. (Foto: privat)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 03. sep. 2023 10:31

Ordføraren veit at alle folkevalgte bruker svært mykje tid på førebuingar til møter. Ordføraren er nemleg også folkevalgt.

Ordføraren har svara på mange spørsmål og interpellasjonar i denne perioden, og det er fint at vi har denne forma kor det er mogleg.

Representanten Roger Hoel frå Høgre har fått godt førebudde svar på sine spørsmål og interpellasjonar i heile denne valperioden.

Roger Hoel. (Foto: privat)
Les ògUseriøst av ordføreren!

Han fekk også svar på spørsmåla sine i kommunestyremøtet 31. august i Tunet, sjølv om spørsmåla ikkje var gjort kjent for ordførar før møtet.

Det som var uvanleg til dette møtet var nemleg at verken ordførar eller administrasjon hadde fanga opp at det var sendt inn skriftelege spørsmål fordi det var tekniske utfordringer med sakshandsamingssystemet.

Det var fleire andre representantar som også hadde utfordringar til dette møtet, og det vart omtala og påpeikt frå fleire.

Eg som ordførar forventar at det er tillit blant oss når ein får opplyst at verken ordførar eller administrasjon har fått førebudd skrifteleg svar fordi ein rett og slett mangla informasjon om at spørsmåla var stilt før møtet starta.

Når det i møtet kom opp at det for nokre var synleg at det låg spørsmål frå Hoel i politikarportalen, vart spørsmåla frå representanten likevel svara opp på sparket utan moglegheit for førebuing.

Kva representanten meiner om mitt svar og måten det vart framlagd på får stå for hans rekning. Eg svara ærleg, oppriktig og direkte.

Eg har forståelse og respekt for at spørsmåla frå representanten Hoel er viktige, og eg antar at han og Bjørnafjorden Høgre lenge har jobba tydeleg inn i tidlegare regjering kring prisområder på straum.

Eg svara at avdøde varaordførar Mikal Leigland (Sp) hadde gjort ein god og tydeleg jobb inn mot regjeringa, og at eg sjølv held fram å målbæra saka i mine fora.

Når det gjeld oppfølgjing av sak kor kommunen skal etablera kontakt med kjernekraftnæringa svara eg også på det. Administrasjonen har ikkje prioritert det i sommar, men gjer det no når folk er tilbake frå ferie.

Eg skjønnar også at dette er ei viktig sak for representanten Hoel å få svar på, sidan han har kunnskap og interesse knytt til dette, og sjølv er tilknytta denne næringa gjennom sitt eige selskap.

Trine Lindborg (Ap)
Ordførar

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.