Sport | 25. mai 2016

Duka for jubileumsfest

30. mai fyller Lysekloster 70 år. Laurdag blir det feiring med oppgjer mot Fyllingsdalen, utgivelse av jubileumsbok og storslått bankett.

Duka for jubileumsfest
Den nye tribuna på Lysekloster Idrettspark skal vera ferdig til jubileumsfeiringa i helga (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamreonsdag 25. mai 2016 11:56

På Lysekloster Idrettspark er ein i ferd med å ferdigstilla ny tribune med tak, mediesenter, sosialt rom med utsikt over banen og ny kiosk.

– Tribunen skal vera ferdig til helgen, fortel styreleiar Svein Kollen.

Då ventar klubben storinnrykk i lokaloppgjeret mot Fyllingsdalen. Mellom anna har gjestane varsla at dei kjem med to bussar med unge supporterar.

– Vi skal ha eit møte i kveld for å sjå på kva vi skal gjera av markering i samband med kampen, seier Kollen.

Midtsiden kjem tilbake med ein større presentasjon av det ferdige anlegget i samband med jubileumsfesten.

Storstilt feiring

Etter kampen laurdag har klubben invitert gjester til ei storstilt feiring av 70-årsjubileet.

– Vi blir mellom 105 og 110 stykker på feiringa. Der reknar eg med det blir taler og historiar frå klubben sitt 70 år lange liv, seier dagleg leiar Bjørnar Engelsen.

Slepp jubileumsbok

Engelsen er sjølv av dei mange som har vore med i ein mannsalder, noko som har kome godt med i arbeidet med jubileumsboka som er ført i penna av Monica Nordland Yndestad.

– I tillegg til Monica har det vore ein redaksjonskomite i sving, kor oppgåven har vore større med å begrense stoffet enn å finna det.

– Vi har framleis medlemsboka frå 30. mai 1946 og alt av møtereferat og liknande. I tillegg har jo eg som den entusiasten eg er klipt ut alt som har ovre skreve om klubben frå 70-talet til no. Det er mange permer med utklipp vi har vore gjennom, fortel Engelsen.

Den gang det var snø

Engelsen fortel at klubben opp gjennom åra har hatt mange ulike grupper som ski, skøyter, bordtennis, håndball, friidrett, paraidrett og fotball.

– Frå slutten på 50-talet til godt oppå 70-talet hadde vi jo snø og vinter. Då blei det arrangert fleire konkurransar både på ski og skøyter, hopp og kombinert. Vi hadde stemner både i oktober og april. Det artige er at vi har alt av resultater og rundetider frå den tida. Vi sit altså på ein ganske unik dokumentasjon som vi har hatt glede av i arbeidet med boka.

Vakte stor merksemd

Eit kapittel i boka er vigd kunstgressbanen klubben bygde i 1979. Dekket har vore bytta fleire gonger sidan den gong, men no står altså eit heilt nytt anlegg klart i klubben sitt syttiende år.

– Kunstgressbanen var den femte kunstgressbanen som kom i Noreg og den første i Nord-Europa som var privatfinansiert, fortel Engelsen.

Han var saman med Paul Nordland og Helge Nordvik initiativtakarane til å bygga kunstgrasbanen.

– Det heile starta med ein flygande idé som vi byrja å jobbe med, og som vi fekk fleire til å vera med på. Det var tøffe tak, med heilt andre økonomiske tider enn det er no.

– Også frå den perioden har vi alt av møtereferat og faktisk notater frå kvar einaste telefonsamtale som blei teken. Vi har dermed dokumentasjon på alt i samband med bygginga.

– Banen skapte jo stor merksemd då den sto ferdig. Fotballpresidenten kom på vitjing og både Aftenposten og VG skreiv om den. Faktisk var til og med Sarpsborg Arbeiderblad her og laga eit tosiders oppslag om banen, avsluttar Engelsen som gler seg over at den 216 sider store boka no er klar for sal.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.