Lokal | 05. nov. 2015

Dyr dritt

No vil meir av avgiftspengane dine gå rett i do. Kloakkgebyret doblast dei kommande åra.

Dyr dritt
Osingane må rekna med ei dobling av kloakkgebyret fram mot 2019 (ill.foto: AH)
Andris Hamretorsdag 05. nov. 2015 07:59

Frå neste år vil kloakkgebyret auke med 10%, men det stoppar ikkje der.

– Fram mot 2019 nå ein nok rekna med nesten ei dobling av kloakkgebyret, fortalde økonomirådgjevar Eivind Solberg på budsjettkonferansen til formannskapet tidlegare i veka.

Forventa auke: 18 % i året

Solberg forklarte at bakgrunnen for auka er investeringane i nytt hovudreinseanlegg (OHARA).

– Kloakkområdet er eit sjølvkost området. Det betyr at innbyggarane skal betala det det kostar. Med dei investeringane kommunen no gjer vil gebyret gå opp. Prognosane seier at ein kan venta seg omlag 18% kvart år dei kommande åra i økonomiperioden om rentenivået held seg som no. Aukar det, vil òg gebyret auka, forklarte Solberg.

60% til renter og avdrag

OHARA vil kosta nær 300 millionar kroner fram til det står ferdig i 2017. Ei rekning innbyggarane må dekka.

– Omlag 60% av klokakkgebyret vil gå til å dekke investeringane, resten til drift av anlegget. Samstundes skal det påpeikast at vassgebyret ikkje aukar, trass i at vi der òg gjer store investeringar i å oppgradera ledningsnettet.

– Samla sett vil folk sjå at avgifta på vatn ligg nokså flatt, medan kloakkgebyret aukar, oppsummerte Solberg.

– No er ikkje utgangspunktet for avgifta så ille. Samenliknar vi med nabokommunar så er det forholdsvis billig, skaut avtroppande rådmann Knut Terje Rekve inn, før han la til at med den tilflyttinga som er i Os vil det bli fleire å dela investeringane på, og dermed avgifta på.

Slik blir gebyret i 2016

Kloakkgebyret er skilt i ein abonnementsdel og ein forbruksdel.

Abonnementsgebyret for nærings- og landbrukseigedommer og offentlege verksemder blir i 2017 på 3260 kroner (opp 10,1%). For bustader, fritidsbustader og andre eigedommar blir abonnementsgebyret på 2507 kroner (opp 10,0%).

Forbruksgebyret blir stipulert ut fra størrelsen på husstanden.

Vanlege bustadhus (inkl. hybelhus)
0 til 110 kvm (stipulert forbruk 60 m3): kr 1069,- (+10%)
111 til 175 kvm BRA (stipulert forbruk 120 m3): kr 2137,- (+10%)
frå 176 kvm BRA (stipulert forbruk 200 m3): kr 3562,- (+10%)

Fritidsbustader:
0 til 110 kvm (stipulert forbruk 60 m3): kr 748,- (+10%)
111 til 175 kvm BRA (stipulert forbruk 120 m3): kr 1496,- (+10%)
frå 176 kvm BRA (stipulert forbruk 200 m3): kr 2493,- (+10%)

Vassgebyret får inga auke i 2016 etter at det auka med 31% i 2015.

Kommunestyret skal godkjenna avgiftsbudsjettet med dei nye gebyrsatsane på sitt møte 15. desember.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.