Lokal | 12. feb. 2016

Dyr køyretur - dyr oppførsel

Ein bilist utan førarkort blei avslørt i ein butikk, ein mann nekta å oppgje namnet sitt fram til han fekk handjern på. Begge fekk saftige bøter.

Dyr køyretur - dyr oppførsel
Bergen tinghus. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 12. feb. 2016 11:50

Ein mann frå Os var nyleg tiltalt for køyring utan førarkort. Han påsto at fetteren køyrde bilen og erkjente ikkje straffeskyld for episoden, som fann stad i april i fjor.

Tiltalte, ein mann i 30-åra av utanlandsk opphav, forklarte at han eigde bilen, men berre brukte den til øvelseskøyring. Ein kamerat av familien brukte bilen til handling og henting av ungar. Tiltalte fekk førarkort to månadar seinare, i juni 2015.

Observert i butikken

Bakgrunnen for saka er at tiltalte hadde vore samtaleemne på lensmannskontoret same dag, politiet hadde snakka om at vedkomande køyrde utan førarkort.

På ettermiddagen blei tiltalte observert av ein polititenestemann i det han sette seg inn i bilen. I forkant hadde dei to stått side om side i kø i kassen på butikken.

Må ut med 12.500 kroner

Polititenestemannen ringte kollegaene som var på vakt, som reiste heim til bileigar, som bur berre 100 meter frå butikken. Han hadde fetteren på besøk, og påsto at det var han som køyrde bilen, men politiførstebetjenten som observerte tiltalte i butikken er sikker på kven som sat bak rattet.

Retten festa lit til politiet sin forklaring, tiltalte blei dømt til bot på 9500 kroner og må i tillegg betala 3000 kroner i sakskostnadar.

Nekta å oppgje namn

Ein annan mann frå Os, også han i 30-åra, var nyleg tiltalt for ikkje å oppgje personalia til politiet.

Politiet møtte vedkomande då dei fekk melding om bråk utanfor ein utestad i Os sentrum i oktober i fjor. Tiltalte krangla med sambuaren og politiet tok ein prat med partane.

Mannen nekta å oppgje namnet sitt, noko han innrømte i retten. Men han nekta straffeskyld.

Tiltalte forklarte at han var full og fortvilt og ville heim, han var ikkje interessert i at politiet skulle blanda seg inn, og han meiner dei burde «sett mellom fingrane» på måten han oppførte seg.

Eit namn verdt 9000 kroner

Han gav namnet sitt etter ei stund, då politiet ville setja handjern på han, men då var det for seint.

Verken politiet eller retten ville sjå mellom fingrar, mannen blei dømt til 6000 kroner i bot og til å betala 3000 kroner i sakskostnadar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.