Lokal | 23. apr. 2017

Dyr køyring i sentrum

Fekk 5350 kroner i forenkla forelegg for å køyre i sentrum natterstid. Mann herpa biler og var valdsam.

Dyr køyring i sentrum
Fekk forenkla forelegg på 5350 kroner for køyring i sentrum (ill.foto: KVB)
Andris Hamresøndag 23. apr. 2017 07:02

I løpet av natta har patruljen frå Os lensmannskontor gitt fleire muntlege åtvaring til bilister som braut innkøyring forbode bestemmelsane i Os sentrum.

– Vi freister å løyse det på den måten, med at vi gir dei ein muntleg åtvaring. Men i natt var det ein det ikkje heldt for. Han hadde fått åtvaring tidlegare, men valde likevel å køyre inn i sentrum. Det resulterte i eit forenkla forelegg på 5350 kroner, fortel vakthavande betjent ved Os lensmannskontor.

Patrulja oberverte også ein mann i slutten av 20-åra som knuste eit glas i sentrum. Der vil det bli oppretta sak.

Øydela bilar og var valdsam

På ei privatadresse nær Os sentrum gjekk ein mann i slutten av 20-åra laus på fleire biler og var valdsam.

– Der blir det oppretta sak. Mannen blei gripen der og då og blei køyrd til lokal legevakt for ein sjekk før han blei køyrd heim og dimitert.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.