Næringsliv | 24. nov. 2015

Dyreklinikk på flyttefot

I helga blei Osøyro Dyreklinikk pakka ned - torsdag opnar dei i dobla storleik på Hjelle.

Dyreklinikk på flyttefot
Veterinær Eva-Kristin Lunde og sambuaren Nils Brynjulv Bøe kjøpte bygget på Hjelle for om lag eit år sidan. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 24. nov. 2015 08:24

Bildeserie:

Os Dyreklinikk aukar frå 190 til 450 kvadratmeter. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Os Dyreklinikk aukar frå 190 til 450 kvadratmeter. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Oppstalling til katt. Dei fleste romma er ferdige, no er det utpakking. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Oppstalling til katt. Dei fleste romma er ferdige, no er det utpakking. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 2
Os Dyreklinikk aukar frå 190 til 450 kvadratmeter. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Oppstalling til katt. Dei fleste romma er ferdige, no er det utpakking. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Laurdag stilte tilsette, kundar, venar og familie mannsterkt opp for å flytta utstyr frå Landboden til Hjelle, torsdag er det opning av ny klinikk.

– Vi held på å pakka ut utstyr, men dyreeigarar som treng hjelp før opning kan berre slå på tråden, så finn vi ut om vi kan hjelpa eller om dei må ta turen til by'n, seier veterinær Eva-Kristin Lunde.

Det er 20 år sidan ho starta Osøyro Dyreklinikk og eitt år sidan ho, saman med sambuaren Nils Brynjulv Bøe kjøpte den tidlegare tredreieverkstaden av Tom Fagerthun og Harry Herland, som dreiv mekanisk verkstad.

Meir enn dobla areal

Med flytting frå Osøyro aukar klinikken frå 190 til 450 kvadratmeter. Firmaet skiftar òg namn til Os Dyreklinikk.

Os Dyreklinikk får meir enn dobbelt så stor plass, aukar frå to til tre behandlingsrom og får, i tillegg til tre behandlingsrom, operasjonsstove, tannklinikk, oppstallingsrom og røntgenrom, mykje større mottak for hestar - og eit spesialdesigna hundebad.

Midtsiden kjem tilbake med meir når den nye klinikken er opna.

– Det blir ingen opningsfest torsdag, det tar vi på nyåret. For oss handlar det no berre om å få klinikken opp og gå i nytt lokale, seier Lunde.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.