«E da løye?»
Det er tittelen på revyen på Søre Neset i haust, kor både ordførarar, helsefrikar og fusingar får gjennomgå. Vi trur da blir løye.
Bildeserie:
Om halvanna veke står revygjengen på Søre Neset på scenen i ungdomshuset på Haugland for sjuande året på rad.
– Her blir det opptil fleire raude trådar å følgja, fortel revygeneral Runar Drønen når Midtsiden besøker øvinga onsdag.
– Det herjar vist ein motedop-feber i bygda, det her Pokemon Go-greiene slepp vi jo ikkje unna også må vi jo la ordføraren og andre sentrale personlegheitar få gjennomgå, utdypar han.
Fleire nye
Drønen fortel at dei er ein relativt stabil gjeng i revygruppa, sjølv om fleire ikkje hadde tid til å komma på øvinga nett denne onsdagskvelden.
– VI har eit par nye yngre krefter i år. I tillegg har vi fått med oss Johnny Olsen igjen. Han hadde berre eit kvileår i fjor, ellers så er vi den same gamle gjengen.
Gruppa består av Johnny Olsen, Kristine Tikkanen, Linda Nytræ, Espen Sestøl, Jan Helge Kordts, Lise Scheie, Ian Parker, Runar Drønen, Karianne Sæthre, Camilla Haugland og Marie Bjånesøy Ellingsen. Musikalsk har dei med seg Steinar Lyssand og Knut Vidar Garlid.
– Tekstane er det i hovudsak Johnny, Lise og underteikna som har skrive, fortel Drønen som ser fram til premiera laurdag 29. oktober.
– Det blir to framsyningar til, fredagen og laurdagen to veker seinare. Ungdomshuset var nemleg utleigd helga i mellom. Begge laurdagane blir det dans etter framsyninga, så då er det ein god moglegheit til å få seg ein heilaftan på Haugland, avsluttar han med eit smil før gjengen drar eit par nummer for den frammøtte pressa.
Og det lovar godt. Vi trur det blir løye på Haugland desse helgene.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.