
– Eg er stolt av å vera osing!
Os 2 hadde ein tøff vår. Krympinga av 3. divisjon i fjor har gjort nivået høgare, samstundes har Os hatt ein tynn stall og kjørt juniorane sine hardt.
Men i dag blei haustsesongen sparka i gang, med Os 2 på jumboplass mot serieleiar Hovding på bortebane. Kampen blei ikkje slik sportsleg leiar i Os Turn Fotball hadde trudd.
– Vi starta litt tamt, men etter ti minutt tok vi fullstendig over og eigde resten av kampen, meiner Stigen.
Hovding - Os 2: 1-2 (1-0)
Hovding tok leiinga på det Stigen kallar eit tussamål, men ein ball Frode Øvredal ikkje hadde sjanse på. Øvredal hadde to feberredningar og Os fleire store sjansar i tillegg til dei to som endte i nota.
Børge Borgen skåra begge måla til Os 2 og begge skåringane kom på heading, begge på corner med «kirurgisk presisjon» av Tor-Erik Berge.
– Kvifor Børge som oftast speler midtstoppar kan ein jo spørja seg om, han har i alle fall ein fantastisk teft framfor mål.
Lassen og Kanestrøm i storform
– Det var ikkje berre det at vi slo serieleiaren, men vi spelte dei av banen. Vi hadde mange unge gutar som rett og slett løpte dei i senk. I tlllegg til dei to skåringane hadde vi stolpeskot, ball i tverrliggar og ein retur frå keeper som feilaktig blei annulert for offside.
Stigen meiner Simen Lassen og Erik Kanestrøm var dei viktigaste brikkene på Os 2 i dag, men gjev samstundes mykje ros til dei fem gutespelarane som var med.
– Vi hadde fem gutespelarar med, tre av dei spelte frå start. Steffen Ludvigsen fekk dessutan sin debut då han kom inn for ein skadd Ruben Aasen. Alle leverete og alle var med på å gje oss desse tre viktige poenga, seier Roald Stigen.
Laget blei leia av A-lagstrenar Øyvind Steffensen.
Os 2 speler neste kamp på heimebane mot Krabbetor måndag 15. august klokka 19. Os 2 spelte 3-3 borte mot Krabbetor i vår.
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no