Næringsliv | 11. apr. 2014

– Eg har alltid hatt lyst til å fly

Bjørn Helgesen er ein av fleire elevar frå Nore Neset som denne veka har prøvd seg i arbeidslivet.

– Eg har alltid hatt lyst til å fly
Bjørn Helgesen har hatt ei litt spesiell arbeidsveke, for CHC Helikopter Service på Flesland. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 11. apr. 2014 12:29

Bildeserie:

Emilie Strønen har jobba på biblioteket. (Foto: Joakim Kvernes Forstrønen)
Emilie Strønen har jobba på biblioteket. (Foto: Joakim Kvernes Forstrønen)
Isak Skeie er interessert i IT og har hatt jobb på rådhuset. (Foto: Joakim Kvernes Forstrønen)
Isak Skeie er interessert i IT og har hatt jobb på rådhuset. (Foto: Joakim Kvernes Forstrønen)
Bjørn Helgesen valte ein meir avansert jobb denne veka ... (Privat foto)
Bjørn Helgesen valte ein meir avansert jobb denne veka ... (Privat foto)
Joakim Kvernes Forstrønen har vore på arbeidsveke hos Midtsiden. (Foto: KVB)
Joakim Kvernes Forstrønen har vore på arbeidsveke hos Midtsiden. (Foto: KVB)
1 av 4

Tekst og foto: Joakim Kvernes Forstrønen, elev i 9. trinn ved Nore Neset skule på oppdrag for Midtsiden.

Denne veka har elevar frå 9. klassane ved Nore Neset skule vore ute i arbeidslivet. Vi har snakka med tre av dei.

Bjørn Helgesen - CHC Helikopter Service, Flesland

Vi fekk ein prat med Bjørn over telefon.

– Kvifor ville du jobba her?

– Fordi eg liker å skru og fiksa på ting og eg har alltid hatt lyst til å fly. Eg er ikkje ein person som sitter inne på kontor og sånn heile dagen så eg ville heller bruka kroppen denne veka.

– Kva oppgåver har du her?

– Det går for det meste i å skru på panel og å trekka kablar. Eg driv også med litt maling.

– Var arbeidet slik du forestilte deg?

– Nei det var det ikkje, det var faktisk endå gøyare og meir lærerikt enn eg hadde trudd.

– Kunne du tenkt deg å gjera noko lignande neste arbeidsveke?

– Ja det kunne eg, dette eller bilmekanikar. Det er mest mekking det går i.

Emilie Strønen – Os folkebibliotek

Eg tok ein spasertur til biblioteket i Os, der Emilie Strønen har fått jobb denne veka. Då eg kom til biblioteket var dei midt i eit besøk frå ein barnehage, men då dei var ferdige fekk eg eit lite intervju med Emilie.

– Kvifor ville du jobba her?

– Det var ikkje planen, men det sto til slutt mellom dette og matbutikk, og dette høyrdes kjekkast ut.

– Kva oppgåver har du?

– Litt forskjellig faktisk, eg henter for eksempel posten og sit i skranken og ryddar rundt i biblioteket.

– Ble arbeidet slik du forestilte deg?

– Ja eigentlig, eg hadde jo ikkje forventa at det var så mykje å gjere.

– Kunne du tenkt deg å gjera noko lignande neste arbeidsveke?

– Ja det kunne eg.

Isak Skeie – Os kommune

I rådhuset møtte eg Isak Skeie, som viste meg arbeidsplassen sin og kollegaene hans denne veka. Vi sette oss ned ved pulten på det vesle kontoret hans.

– Kvifor ville du jobbe her?

– Eg syntest det høyrtest interessant ut og eg har alltid hatt lyst til å driva med noko innan IT.

– Kva oppgåver har du?

– Eg hjelper for det meste arbeisgjevaren min med litt forskjellig, eg er litt løpegutt og får vera med på ulike ting.

– Var arbeidet slik du forestilte deg?

– Nei, eigentlig ikkje. Eg venta ikkje at det skulle bli så mykje reising rundt omkring. Eg har for eksempel vore på brannstasjonen og fiksa ein alarm, på den nye skulen på Nore Neset og på Os ungdomskule, der det blei lagt opp fiber.

– Kunne du tenkt deg å gjera noko liknande neste arbeidsveke?

– Ja det kunne eg, eg synest det var spennande og gøy.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.