Sport | 16. aug. 2014

– Eg har lyst til å bli betre

Synne Emilie Mjånes Tøssebro var einaste jente på den spanske fotballskulen til Lysekloster IL.

– Eg har lyst til å bli betre
– Gutane har vore greie, seier Synne Emilie Mjånes Tøssebro, einaste jente på Lysekloster sin fotballskule denne veka. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 16. aug. 2014 07:29

Bildeserie:

– Deltakarane har vore engasjerte og oppført seg eksemplarisk, seier Enric Taberner Palmer. (Foto: KVB)
– Deltakarane har vore engasjerte og oppført seg eksemplarisk, seier Enric Taberner Palmer. (Foto: KVB)
Ein lettlurt spanjol? (Foto: KVB)
Ein lettlurt spanjol? (Foto: KVB)
Skottrening. (Foto: KVB)
Skottrening. (Foto: KVB)
... på god keeper. (Foto: KVB)
... på god keeper. (Foto: KVB)
F.v.: Scott, Casper, Daniel og Magnus seier dei har lært mykje denne veka. (Foto: KVB)
F.v.: Scott, Casper, Daniel og Magnus seier dei har lært mykje denne veka. (Foto: KVB)
Så var det tid for velfortent lunsj. (Foto: KVB)
Så var det tid for velfortent lunsj. (Foto: KVB)
På kjøkkenet, f.v.: Siv Søgnen, Charlotte Sjøbø og Monica Eidsnes. (Foto: KVB)
På kjøkkenet, f.v.: Siv Søgnen, Charlotte Sjøbø og Monica Eidsnes. (Foto: KVB)
1 av 7
– Deltakarane har vore engasjerte og oppført seg eksemplarisk, seier Enric Taberner Palmer. (Foto: KVB)
Ein lettlurt spanjol? (Foto: KVB)
Skottrening. (Foto: KVB)
... på god keeper. (Foto: KVB)
F.v.: Scott, Casper, Daniel og Magnus seier dei har lært mykje denne veka. (Foto: KVB)
Så var det tid for velfortent lunsj. (Foto: KVB)
På kjøkkenet, f.v.: Siv Søgnen, Charlotte Sjøbø og Monica Eidsnes. (Foto: KVB)

Denne veka har Lysekloster, for andre gong, arrangert fotballskule med spanske instruktørar.

47 fotballspelarar frå 8 til 15 år, frå 9 ulike klubbar, har deltatt.

– Det er to år sidan sist og litt fleire deltakarar enn i 2012, fortel dagleg leiar Ørjan Sandal.

– Vi er også nøgd med å ha med mange frå Bergen, over 20 av deltakarane er frå anten Gneist eller Søreide.

– Prøvde å få med venninnene

Blant dei 47 ungdomane var det éi jente, Synne Emilie M. Tøssebro (10).

– Eg speler på Lyskloster og meldte meg på fordi eg ønskjer å bli betre, seier Synne Emilie.

Ho prøvde å få med nokre av venninnene, men éi var på ferie, ei anna var for sein med å melda seg på.

– Men det har gått fint å vera åleine med gutane, dei har vore kjempegreie. Eg har også lært mykje, blant anna har eg blitt flinkare til å ta imot ballen og å sentra.

Tidleg innøving av taktiske mønster

Hovudinstruktør Enric Taberner Palmer har denne veka hatt sitt første opphald i Noreg. Fritida har for det meste gått med til å eta, slappa av, evaluere og planlegge neste økt.

– Kva er forskjellen på norsk og spansk fotball og på norsk og spansk ungdom?

– Mitt inntrykk er at norske fotballspelarar er sterke og tekniske, men ikkje så taktiske. Det gjeld også unge spelarar. Vi byrjar med våre ungar når dei er fem år og er tidleg ute med å læra dei ulike taktiske rørsler i spelet.

– Det gjer at når dei er 13-14 år så har dei eit stort repertoar når det kjem til taktikk og kommunikasjon, pasningsspelet sit betre.

Alle dei tre spanske trenarane er frå Mallorca og Palmer trener fjerdedivisjon senior på ferieøya. Men han har også fartstid frå ungdomsavdelinga til Real Madrid.

– Eg var heldig og uheldig, først heldig, då Real Madrid gav meg innpass med det same eg var ferdig utdanna, så uheldig, då klubben fekk ny president og nye trenarteam rett etterpå, fortel han.

Betre mottak

Fire av deltakarane på kurset, Scott Holger Nord Drange (11) frå Lysekloster, Casper Andreas Mengkrogen Madsen (14) frå Gneist, Daniel Sundvor Bjørnevik (13) frå Lysekloster og Magnus Severin Stormark (12) frå Søreide, føler alle at dei har lært mykje på fotballskulen.

– Eg har blitt flinkare på mottak, dei har hatt mykje fokus på korleis du skal stå når du får ballen, seier Scott, den einaste av dei fire som også var med på fotballskulen for to år sidan.

– Og så har vi blitt flinkare på mottak med venstrefoten, vi har øvd mykje på å bruka begge beina, skyt Daniel inn.

Magnus fortel dessutan om øving på å flytta seg med og utan ball, ikkje minst etter at pasning er slått.

Så var det lunsj og appetitten er stor midt i dei seks timar lange øktene.

– For to år sidan var vi to på kjøkkenet, då var det veldig hektisk. Denne veka har vi vore tre og alt har gått veldig fint, seier Charlotte Sjøbø, som har med seg Siv Søgnen og Monica Eidsnes til å laga mat til dei 47 unge spelarane.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.