Lokal | 31. des. 2015

– Eg synest vi skulle hatt ros, ikkje ris

Bir reagerer på det dei meiner er faktafeil i lesarinnlegg om bosshenting.

– Eg synest vi skulle hatt ros, ikkje ris
Tina Skudal frå Bir. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 31. des. 2015 11:33

I eit innlegg i dag skriv Jan Gaassand om manglande henting av boss og manglande tilbakemelding frå Bir, og stiller spørsmål om betaling av bossug.

Bir vil koma med ei tilbakemelding over helga, med presisering på dette med bossug (som eigentleg heiter boss-nett), men ser behov for å koma med eit raskt svar på dette med henting.

– Vi har sjekka med transportør og vi var i nabolaget til Gassand julaftan, til vanleg tid 07.15. Vi har GPS-sporing på bilane, så dette veit vi, fortel Tina Skudal frå Bir.

– Likevel sendte vi ein ekstrabil for å henta Gaassand sitt boss. Vi burde hatt ros, ikkje ris, meiner ho.

At ikkje kunden fekk svar på epost ber ho om orsak for.

– Vi jobbar på spreng no i jula og folk ringer oss om alt mogleg, ikkje minst om dette med hentedag og opningstider på gjenvinningsstasjonane.

– Før 12 i dag hadde vi over 300 innkomande telefonar. Då hender det at epostar dessverre blir liggande ubesvart litt for lenge.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.