Ein årleg suksess
Video: Trygg i Os gav næring for kropp og sjel.
For sjette gong inviterte Os kommune med samarbeidspartnarar eldre og andre interesserte til Trygg i Os. I år med overskrifta «Næring for kropp og sjel».
I foajeen sto frivillige lag og organisasjonar side om side med kommunen sine eigne tenester. Der fann ein alt frå pensjonistforeninga og eldrerådet til turlaget og Bjørnafjorden Matkultur.
– Dette er sjette gongen vi arrangerer Trygg i Os. Kvart år med ulike tema. Målet er å gje eldre og andre interesserte ei oppdatering på nye ting som skjer i Os og samstundes foredrag dei treng nærhet til og ikkje kan lesa seg til sjølv på nett. I tillegg kombinerar vi det med kunst og kultur, fortel aktivitetskoordinator Grete Byrkjeland.
– Vi må vel kunne seie at arrangementet har vore ein sukess kvart år. I år òg er Oseana fylt til randen. Litt ekstra i år er at vi markerer den internasjonale eldredagen. Den skulle eigentleg ha vore markert 1. oktober, men i staden for to konkurrerande arrangement fann vi ut at vi ville invitere oss med her, supplerer medprogramleiar Bjørn Sivertsen frå Os eldreråd.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.