Fotball | 22. aug. 2010

- Ein dårleg førsteomgang

Os 2 tapte dagens heimekamp, Arna-Bjørnar leia 0-3 til pause.

- Ein dårleg førsteomgang
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 22. aug. 2010 18:07

- Vi var litt slappe i første omgang og såg ut til å mangla tru på eige spel. Arna-Bjørnar var gode og valsa over oss, oppsummerer Os 2-trenar Tore Nielsen.

- Keeper Kjetil Hansen redda oss frå endå styggare siffer til pause, han sto veldig bra i dag, legg han til.

Os - Arna-Bjørnar: 1-4 (0-3)
Målskårar, Os: Ramo Racic

- Men vi løfta oss i andre omgang, der Ramo Racic reduserte tidleg og det blei produsert nokre sjansar som lett kunne gjort kampen spennande igjen.

I staden blei det ny skåring til gjestane og dårleg utteljing på sjansane til Os 2.

Gult til Tim - karantene på Ramo
Spiss og fjorårets toppskårar på A-laget, Tim Henrik Sperrevik, spelte midtstoppar i dagens kamp med andrelaget.

- Vi har litt få spelarar for tida, så det er vanskeleg å setja saman laget. Fleire av dei unge gutane vi brukte fekk spela lengre oppe på banen, og dei klarte seg ganske bra.

Tim, som sto over A-kampen i går grunna karantene, fekk gult kort i dag.

- I tillegg fekk Ramo gult kort, og det berre 30 sekund ut i kampen, så han må stå over neste.

Os sitt lag frå start: Kjetil Hansen, Baste Jonassen, Tim Henrik Sperrevik, Børge Borgen, Joakim Bjørnevik, Espen Kopperud, Martin Eidsvik, Mats Lepsøe, Christian Almeland, Johannes Jordal og Ramo Racic.

Byte:
Stian Bakke - Borgen
Tor Erik Berge - Jordal
Simen Lassen - Kopperud

- Baste tok Børge sin plass då han måtte ut og Stian Bakke blei plassert på høgre back. Bakke gjorde ein veldig fin jobb, seier Nielsen.

Fleire tøffe i vente
Os vann den første kampen etter ferien 6-4, tapte den neste 1-2 for Bergen Nord og fekk det tøft mot Arna-Bjørnar på heimebane sundag.

No ventar serieleiar Voss på bortebane før heimekamp mot Øystese, som ligg på 3. plass.

Os 2 ligg no på 5. plass på tabellen, a-poeng med Arna-Bjørnar (25) som tok 4. plassen på betre målforskjell. Os ligg 3 poeng bak Øystese på 3. plass.

Fyllingen slo i går Bergen Nord 7-0 og ligg på 2. plass 3 poeng bak Voss.

SJÅ TABELL


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.