Kultur | 29. nov. 2014

Ein dobbel skule reiser seg

Mens andre skular får tilbygg i siste liten blir nye Lysekloster barneskule dobbelt så stor som nødvendig.

Ein dobbel skule reiser seg
Berre førsteetasje skal brukast i starten. Andreetasje skal stå uinnreia for enkel utviding den dagen det blir behov for to-parallell. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 29. nov. 2014 08:32

Bildeserie:

Lærarrommet står, mens heile gamleskulen er rive. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Lærarrommet står, mens heile gamleskulen er rive. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Fleire elevar har midlertidig klasserom i brakker. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Fleire elevar har midlertidig klasserom i brakker. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
7. klasse er i klubbhuset. – Her har vi det fint, synest Malene og Sindre. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
7. klasse er i klubbhuset. – Her har vi det fint, synest Malene og Sindre. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Rektor på besök hos 7. klasse. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Rektor på besök hos 7. klasse. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Denne åskammen er det idrettslaget som vil ha vekk. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Denne åskammen er det idrettslaget som vil ha vekk. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Lysekloster vil utvida banen til førstedivisjon-standard. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Lysekloster vil utvida banen til førstedivisjon-standard. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 6

I sommar var det byggestart, i juni skal nye Lysekloster skule så ferdig, med 1000 ledige kvadratmeter.

– Vi bygger to etasjar, kvar på litt over 1000 kvadratmeter, men tar berre i bruk den første, fortel Tor Inge Døsen frå Os kommune.

– Kommunestyret er klar over det, legg han muntert til.

Frå éin- til to-parallell

Ideen om å bygga stort blei smidd til undervegs i planlegginga og sto naturlegvis i anbodspapira frå hausten 2013.

– Vel vitande om at verda går framover førebur vi oss på vekst.Når behovet for to-parallell nærmar seg, det er kanskje berre 5-6 år til, blir det forholdsvis enkelt å innreia andre etasje.

Rektor Ole Lars Strønen fortel at skulen allereie har ein klasse med 25-26 elevar, at skulen ikkje er langt frå å måtta dela enkelte klassetrinn.

– Det er mogleg at det blir rom for å innreia eitt eller to rom i 2. etasje allereie no, at det blir eit mediatek og eit datarom. Om det blir rom for dette i budsjettet så slepp skulen interim-løysingar fram til heile skulen blir innreia, seier Døsen.

Flyttar SFO

I tillegg til 1000 (+ 1000) kvadratmeter med ny skule kjem lærarrommet, som ikkje er rive, men som skal rustast opp.

– Det blir ein fin barneskule med kantine, som ei miniutgåve av nye Nore Neset ungdomsskule, seier Tor Inge.

Også mediateket, der det i dag er fire klasserom, står som før. Men talet på klasserom skal i dette bygget ned til tre. Det fjerde klasserommet skal gje rom for skulefritidsordninga (SFO), som i dag er plassert i barnehagen i nabolaget.

Gymsalen, der det i fjor blei utført ein del oppussing, er nesten ferdig. Der blir det i desse dagar lagt fliser i garderobane, seier Døsen.

– Får litt avstand

Elevane som ikkje har klasserom i mediateket er fordelt i brakker og i klubbhuset til Lysekloster IL.

– Vi har det fint her, tette på banen, der vi ofte er i friminutta, seier sjuandeklassingane Malene Askvik Bøe og Sindre Hansen Eileng.

Rektor Strønen synest også det går fint, men merker visse utfordringar.

– Det blir litt store avstandar, både når vi skal flytta på utstyr og når vi ikkje har sjuandeklassingane rundt oss nede med dei andre elevane.

– Samtidig kunne det vore endå større avstand, at elevane måtte ha reist med buss til andre lokale, sånn sett er vi glade for å ha alle i same område.

Har henta seg inn igjen

Byggearbeidet fekk ein litt skeiv start då dei etter ferien fekk nokre ekstra utfordringar med pælinga.

– Men etterpå var det betongarbeid, og denne underleverandøren var veldig effektiv og no trur eg vi er nesten i rute, seier Døsen.

Skulen skal stå klar i starten på juni. Kjem dei på etterskot er det likevel nokre veker å gå på fram til ferien, slik at skulen blir klar til bruk i august 2015.

– Vi kan leva med dette mens vi ventar på noko betre. Byggeprosessen har gått fint og byggeleiar frå Os kommune, Ole Håkon Sælen, gjer ein kjempejobb med å halda dialog med oss på skulen, synest Strønen.

Førebudd på førstedivisjon

Samtidig med skulebygginga jobbar idrettslaget med nytt dekke og utviding av fotballbanen.

– Dei er jo ambisiøse, som Os, dei vil jo rykka opp begge to, sånn at dei kan konkurrera i 2. divisjon til blodet tar dei, seier Døsen.

– Og om det skulle skje eit mirakel, at Lysekloster rykker opp i 1. divisjon, så har dei snart ein bane med godkjent storleik også for det nivået, legg han til.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.