midtsiden

– Ein draum for båtfolk!

– Vi ser fram til å få blues- og jazzfestivalen tilbake der vi starta, og med ei stor, ny gjestehamn rett ved Oseana-terrassen.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy Mandag, juni 20, 2011 - 07:18

Frå ei fantastisk opning fredag kveld til enorme publikumsmengder gjennom helga seglar Oseana vidare med opningsfest heile veka.

Og Oseana er meir enn eit praktbygg - Oseana ligg heilt i fjøresteinane med ein gigant-terrasse med panoramautsikt over Bjørnefjorden.

– Festivalen starta her, på Mobergsneset, i kafeen Vikjo, med møter og planlegging, og seinare som spelestad for fleire av konsertane på programmet dei første åra, seier første festivalsjef, Per Kristian Hægland.

Veletablerte Osøren Blues & Jazzfestival utgjer mesteparten av sistedelen av opningsfesten til Oseana, og Hægland ser fram til å flytta heile festivalen inn i det allereie så populære kulturslottet i Os.

Med 80 nye båtplassar

Gjestebrygga i Os er ikkje dum, så lenge vêret er fint. Hamna plar vera stappfull, også på Haugsneset-sida, under festivalen. Men no er kapasiteten og kvaliteten på gjestehamna i Os fleire hakk høgare.

– Vi er veldig takksame for at Os Sjøfront stiller dei 80 nye båtplassar ved Oseana til disposisjon. Dette gjer Osøren Blues & Jazzfestival endå meir attraktiv for båtfolk, og båtfolk har vi mange av i Midthordland og Sunnhordland.

Ved eigedomsprosjektet Os Sjøfront, som er under bygging vegg i vegg med Oseana, skal det koma 200 båtplassar innanfor den nye moloen. 80 av desse er på plass, med lys, straum og vatn, og desse kan lånast gratis av gjestar denne festivalveka i juni.

17 konsertar på same pass

Nytt for festivalen i år er også sal av pass, i staden for billettar til kvart enkelt arrangement.

– Vi sel dagspass fredag og laurdag, og helgepass, for dei som vil ha fri tilgang til alle konsertane. Helgepasset gjev tilgang til 17 konsertar.

Festivalen tjuvstartar med ein til no nesten utselt Vamp-konsert sankthansaftan (torsdag 23.6) og held fram med tett program fredag og laurdag.

– Det er også nokre ledige plassar på nokre av cruisa med MS Midthordland, både frå Bergen fredag ettermiddag, det siste cruiset fredag og det siste cruiset laurdag kveld.

Lang laurdag

Fredag er blant anna Billy T Band, Bernie Marsden og Rich Harper på scenen, laurdag er band som Jolly Jumper & Big Moe, Eric Slim Zahl og Vetrhus klare for fest.

– Laurdag blir dagen å starta festen tidleg, frå klokka 12 er det jam i foajeen på Oseana, eller på terrassen, om vêret blir bra, og den populære jam-en kjem verkeleg til sin rett med den utsikta vi har frå Mobergsneset, meiner Per Kristian.

Klokka 15 blir jam-en overlappa av matiné med Hereide & The Bluesgangsters, Blue Note Shuffle og Papa Slide Band.

Er du blant dei mange som ser fram til fleire jazzopplevingar på Mobergsneset står Osøren Jazzensemble og Tone Lise Moberg på programmet fredag kveld, Tone Linn Mjånes Quartet og Washamba laurdag.

 

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11