Fyrverkeri i Os hamn 2018

Ein dundrande start på 2018!

Sjå video og bildeserie av fyrverkeriet i Os hamn første nyttårsdag.

image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Både storleiken på spleiselaget og frammøte langs bryggene i Os sentrum ser ut til å ha vore like godt som i fjor.

– Det er litt tidleg å seia kor mykje pengar som kom inn, men vi legg òg ein del ekstra krut i potten frå eiga verksemd, seier Ole Marius Røttingen frå Os-bedrifta Pro Pyro.

– Vi hadde 1.250 faklar til utdeling og ser ved oppteljing no etterpå at 700 faklar har gått ut, som er same tal som i fjor, fortel William Lindborg frå Os Sentrumsforening.

– Det er langt frå alle som hentar seg ein gratis fakkel, så kor mange publikummarar fyrverkeriet hadde er vanskeleg å seia.

Tunge drønn over Steinneset-moloen

Pro Pyro har oppdraget for Os kommune. I år var dei tilbake til å skyta opp frå éin molo, i staden for to.

– Det er avansert og spennande å skyta opp frå to plassar, men det blir litt å vatna det ut. Spesielt det fyrverkeriet som ikkje går så høgt over bakken kan bli litt puslete når det går frå to moloar. Avstanden til moloen frå bryggene der folk står er litt stor, seier Røttingen.

Fyrverkeriet varte i nesten 8 minutt, varierte mellom høgt og lågt, og inneheldt nokre ekstra tunge drønn, ikkje minst då dei hjarteforma rakettane gjekk i lufta.

Med oppskyting frå Steinneset var det nok dei som sto sør for pumpene på Esso, helst frå Peppes og til Oseana, som hadde best utsikt. Likevel sto det også mange innover mot elva og på Osbrua.

Eit lesarbilde vi har fått inn av Lars Moberg Haukeland viser at også Mobergsvika var ein fin stad å stå.

Brann i bil?

Med det same fyrverkeriet var over rykte brannvesenet og politiet ut på melding om mogleg bilbrann.

Ironisk nok var det Pro Pyro-sjefen, som sjølv er politimann, som meldte frå, etter å ha blitt oppringt av kona, som hadde problem med bilen.

– Det var heldigvis ikkje brann, men noko røyk frå motorrommet. Ho ringte meg og eg varsla vidare mens eg var på veg for å sjekka. Det gav seg av seg sjølv, årsaka var truleg ein teknisk feil, og det blei heldigvis ikkje nokon brann.

Det var tett med trafikk ut av Os sentrum etter at fyrverkeriet var over. Underteikna sitt inntrykk er at trafikken likevel gjekk greit, og at folk var (uvanleg) høflege og villige til å fletta inn trafikk frå sidevegar.