Annonse

Annonse

midtsiden

Éin fanga av laseren

Berre éin bilist blei tatt i fartskontrollen på Søfteland tysdag morgon.

Av: Andris Hamre Tirsdag, august 31, 2010 - 14:19

Utrykningspolitiet varsla tidlegare i august at dei ville være ekstra på vakt rundt skulane i forbindelse med dei første vekene etter skulestart.

Tysdag morgen hadde dei tatt oppstilling på Søfteland.

- Det var stort sett fin kjøring med mykje trafikk, men ein blei tatt i 61 km/t i 50-sona, fortel politibetjent Kjartan Duesund i Utrykningspolitiet.

7 + 6
Seinare på formiddagen tok dei oppstilling ved Ulvenskiftet for ein belte- og mobilbrukkontroll.

- Der stoppa vi sju bilistar utan bilbelte og seks som snakka i mobiltelefon utan handsfree, seier Duesund.

Forelegget for å ikkje bruke bilbelte er kroner 1 500,- medan mobilprat utan handsfree gjer eit forelegg på 1 300,- kroner.

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11

 
Hjem

Ansvarlig redaktør: Kjetil Vasby Bruarøy.
I redaksjonen: Andris Hamre.
TIPS OSS PÅ MOBIL/SMS/MMS:
+ 47 90 78 92 70
+ 47 47 90 61 11