Lokal | 13. des. 2017

Ein fest med mange sponsorar

– I fjor var det rekord, seier Fredrik Røttingen frå ProPyro før den komande folkefesten med fellesfyrverkeri 1. nyttårsdag.

Ein fest med mange sponsorar
Fyrverkeriet i Os hamn 1. januar i år. (Foto: Erik Ask)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 13. des. 2017 09:54

Bildeserie:

Riggen på ein av dei to moloane det blei skote opp frå 1. januar. (Foto: KVB)
Riggen på ein av dei to moloane det blei skote opp frå 1. januar. (Foto: KVB)
Resultatet blei spektakulært. (Foto: Andris Hamre)
Resultatet blei spektakulært. (Foto: Andris Hamre)
Fredrik Røttingen står òg og sel til private dagane før nyttårsftan. (Arkivfoto: KVB)
Fredrik Røttingen står òg og sel til private dagane før nyttårsftan. (Arkivfoto: KVB)
1. januar 2017. I 2018 blir det oppskyting kl 18. (Foto: Erik Ask)
1. januar 2017. I 2018 blir det oppskyting kl 18. (Foto: Erik Ask)
1 av 4
Riggen på ein av dei to moloane det blei skote opp frå 1. januar. (Foto: KVB)
Resultatet blei spektakulært. (Foto: Andris Hamre)
Fredrik Røttingen står òg og sel til private dagane før nyttårsftan. (Arkivfoto: KVB)
1. januar 2017. I 2018 blir det oppskyting kl 18. (Foto: Erik Ask)

I går blei fyrverkeri for mannen i gata testa på Særvoll, i dag er det ei veke til betalingsfrist for spleiselag til årets store fellesfyrverkeri. Eller rettare sagt; neste års fyrverkeri.

1. januar er det igjen tid for fellesfyrverkeri i Os hamn. Arrangementet, som ved årsskiftet 2015-2016 blei utsett grunna uvêr, har blitt ein tradisjon å gjennomføra 1. nyttårsdag i staden for nyttårsaftan.

– Vi syntes det var dumt å utsetja det den gong, og VG lo jo av Søviknes og Os kommune, som liksom hadde bomma på datoen. Men så blei det jo ein suksess å heller køyra fyrverkeriet på kvelden dagen etter, enn ved midnatt, når folk er spreidd ut på private selskap og gjerne ikkje kjem seg til Os. Det var dessutan rundt 30 brannar på Vestlandet etter at folk brukte fyrverkeri i uvêret den nyttårsaftan, seier Fredrik Røttingen.

• Video og bildeserie: Fyrverkeriet i Os hamn 1. januar 2017

1. januar 2018 blir det dessutan endå meir barnevenleg, tidspunkt for oppfyring er flytta fram frå klokka 20 til klokka 18, etter at det har kome inn ønskje om dette frå fleire småbarnsforeldre.

Ein fest til over 100.000 kroner

Fredrik og storebror Ole Marius, som har drive med pyroteknikk sidan 2008, jobbar saman i selskapet ProPyro.

– Det er eit par faste kostnadar, så forskjellen blir meir enn dobbelt så stor på fyrverkeri til 120.000 som eit til 60.000 kroner, forklarer Fredrik.

Arrangementet i Os er i Os kommune sin regi, der kommunen er inne med éin del, og bedrifter og privatpersonar i Os er inviterte til å delta i spleiselaget.

– Vi har nokre store bidragsytarar som er inne med 10.000-15.000 kroner, og så har vi ganske mange som betalar 5000 eller eit par tusen. Til saman er det mange som er med, det gjer at summen blir god og fyrverkeriet meir massivt.

Éin eller to oppskytingsplassar?

I fjor blei det fyrt opp for over 100.000 kroner av selskapet, som dei første åra arrangerte fellesfyrverkeri i Øyane, for så å bevega seg til Os sentrum, først via bryggedansen.

– Kor mykje pengar må til?

– Vi håper jo at mange er med i år òg, og har allereie byrja å planlegga, men ut frå fire ulike scenario. Fredag byrjar vi arbeidet med å rigga klart, når vi om ei veke veit kor stor potten blir, kan vi legga på det det er rom for.

Førre gong var det nytt både med utdeling av faklar og oppskyting frå begge moloane. Denne gong blir det truleg oppskyting frå éin molo.

– Det var gøy å skyta opp frå begge, men ein god del meir krevjande, både i planlegging, bemanning og gjennomføring. Vi får meir for pengane om vi skyter opp frå éin molo, men kjem det inn veldig mykje pengar så køyrer vi frå begge denne gong òg.

Rekord i fjor

Inn mot jul og nyttår blir det travelt på brørne Røttingen sin eksplosive juleverkstad.

– Alt må vera klart i god tid. Nyttårsaftan skal vi til Ål og skyta opp to fyrverkeri, eit for barn tidleg på kvelden og eit større ved midnatt.

2016 blei eit rekordår for ProPyro, 2017 har samla sett vore noko rolegare.

– Uvêr stoppa som kjent avsluttingskonserten med Alan Walker på Tysnesfest. Då blei også fyrverkeriet vårt kansellert. I 2016 hadde vi dessutan oppdrag på konsert med både A-HA og Kygo, tilsvarande fekk vi ikkje i år.

– Bygdalarm, som har vore kunde dei siste åra, la ned, og bryggedansen på Os blei i år utan fyrverkeri. Dette er deltidsjobb for oss, så det er ikkje så farleg, men vi liker naturlegvis å ha god aktivitet i selskapet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.