Politi | 22. apr. 2024

Éin gjekk frå sovande til sint - tre andre var «innpåslitne»

I tillegg har det vore både fartskontroll og ein som stakk frå drosjerekninga.

Éin gjekk frå sovande til sint - tre andre var «innpåslitne»
Politiet fekk litt å kontrollera i og utanfor sentrum i helga. (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 22. apr. 2024 07:58

Politiet oppsummerer helga i Os, ei helg med fartskontrollar, vekking av sovande mann, ufine gjestar og avstikk frå drosjerekning.

Fredag hadde utrykningspolitiet to kontrollar i Os, på Byvegen på Røykenes og på Halhjemsvegen.

– Det blei ingen reaksjonar på Røykenes, men på Halhjemsvegen blei ein bilist målt til 83 km/t i 70-sona, opplyser politioverbetjent Atle Birkeland.

Det fører til 5650 kroner i forelegg og to prikkar på førarkortet.

Laurdag midt på dagen rykte ambulanse ut på melding om ein mann som søv under eit bord i Industrivegen.

– Vedkomande, ein mann i 20-åra, var sint og trugande då han vakna. Vi sendte ut ein patrulje for å hjelpa. Han framsto som rusa. Vedkomande blei etterkvart køyrd til Haukeland universitetssjukehus.

Natt til søndag blei politiet kontakta i samband med at tre gjestar blei viste vekk frå ein utestad i Os sentrum.

– Dei tre blei skildra som «ufine» og «innpåslitne» ovanfor andre gjestar.

Søndag formiddag fekk politiet melding frå ein drosjesjåfør.

– Vedkomande hadde hatt ein kunde som stakk frå rekninga. Sjåføren har adresse og telefonnummer. Vi ventar og ser om forholdet blir meldt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.