Desse hyllene skal fyllast med eksotiske, ferske grønsaker når butikken Exotic Food opnar i slutten av juli. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Ein restaurant med hyller?

Ny leigetakar held på å innreia lokalet der AroyDee heldt til.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I starten på førre veke blei restauranten AroyDee stengd. Midtsiden har ikkje lykkast i å nå drivar av den asiatiske restauranten, som opna i november 2012, men huseigar stadfestar at eit anna firma har overtatt leigekontrakten.

«Vi holder stengt grunnet oppussing. Nyåpning nærmer seg» står det på ein lapp på døra, signert Exotic Food.

– Opningsdato er ikkje bestemt, men eg håper vi klarer å opna siste veka i juli, seier innehavar Aljafra Baker.

Internasjonale råvarer

Baker fortel at han vil opna ein butikk med internasjonale matvarer og ferske grønsaker.

– Det blir daglegvare, olje, krydder, bønner, ulike asiatiske sausar og mange variantar av ferske grønsaker.

Innehavar er palestiner og bur på Nesttun. Han har drive tilsvarande butikk i Bergen i fire år.

– Konkurransen i Bergen er hard, eg har selt denne butikken no for heller å satsa på Os.

Takeaway og nattmat

Kjøkkenet AroyDee bygde i det tidlegare Lehrmanns-lokalet skal òg bli tatt i bruk.

– Det blir ikkje restaurant, men vi vil òg selja takeaway. Dette er ikkje klart til opningsdagen, det går eit stykke ut i august før vi byrjar å selja ferdiglaga mat.

Falafel, rullekebab, burger og pizza kjem på menyen.

– Når vi er i gang vil eg òg søkja om å få selja mat natt til laurdag og søndag, til dei som er svoltne på veg heim frå fest, gjerne med opningstid til rundt 3-4 om natta, fortel Baker.

Fleire saker

bilde-midtsiden

29 millionar til bruer

20. september 2017

Fylkesvegar • Fylkeskommunen vil setta av 29 millionar til bruer og 18 millionar til Åsen-Helleskaret.

bilde-midtsiden

Østervold matchvinnar igjen

19. september 2017

Lysekloster fekk det tøft mot Aalesund 2, før utvisinga, men nok ein gong sørgja Kristoffer Østervold for full pott.

bilde-midtsiden

Musikalsk Grytten-premiere

19. september 2017

– Det er ei gåve å ha Espen Leite på trekkspel, seier Albert og Anna-skodespelarane. I morgon har dei Noregspremiere i Os.

bilde-midtsiden

Slo Sædalen på heimebane

19. september 2017

– Vi varierer for mykje, seier Kvile, sjølv om Os 2 har tapt berre 1 av 6 kampar etter ferien.