Lokal | 29. mars 2015

Ein slurk til 2500 kroner

Festleg kveld på Os: Han blei bedt om å tøma ut alkoholen, men valte å tøma den ned eigen hals. Ein annan mann kubba frå drosjerekninga.

Ein slurk til 2500 kroner
(Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 29. mars 2015 07:44

Ein mann i 30-åra hadde tatt med seg alkohol ut frå ein utestad då politiet møtte han i 03.20-tida.

– Han blei bedt om å tøma det ut, men valte å drikka, fortel politiet.

Mannen er meldt og vil få eit forelegg som svir. Etter det Midtsiden kjenner til er satsane i Hordaland for drikking på offentleg stad på 2.500 kroner.

Skulle henta pengar, kom aldri tilbake

Litt tidlegare på kvelden fekk politiet melding om ein drosjepassasjer som ikkje gjorde opp for seg.

Han skulle inn i huset sitt for å henta pengar, men kom aldri ut igjen.

Politiet rykte ut og skal ha fått kontakt med mannen, som skal ha sovna frå rekninga. Om han ikkje gjer opp for seg i dag vil han bli meldt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.