Sport | 16. mai 2015

Eit flygespark frå poeng

Os var upresise, men skapte nok sjansar til at dei burde tatt poeng på heimebane i dag.

Eit flygespark frå poeng
Her var Os nær utlikning, men ei hårreisande redning på strek gjorde at 1-2 sto seg kampen ut. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 16. mai 2015 18:55

Bildeserie:

Olsen fyrte av, men skotet blei blokkert. (Foto: KVB)
Olsen fyrte av, men skotet blei blokkert. (Foto: KVB)
Håkon Kvittingen sette inn 1-0 med venstrefoten i 12. minutt. (Foto: KVB)
Håkon Kvittingen sette inn 1-0 med venstrefoten i 12. minutt. (Foto: KVB)
Høgreback Sebastian Skåre Tune blei kåra til dagens Os-spelar. (Foto: KVB)
Høgreback Sebastian Skåre Tune blei kåra til dagens Os-spelar. (Foto: KVB)
Russen stilte sterkt på Kuventræ i dag. (Foto: KVB)
Russen stilte sterkt på Kuventræ i dag. (Foto: KVB)
Midtstoppar Endre Brenne nær skåring. (Foto: KVB)
Midtstoppar Endre Brenne nær skåring. (Foto: KVB)
Så kom ein overgang og eit mislykka forsøk på å avskjera angrepet. 1-2 (Foto: KVB)
Så kom ein overgang og eit mislykka forsøk på å avskjera angrepet. 1-2 (Foto: KVB)
Nesten 1-3 etter frispark langs bakken. (Foto: KVB)
Nesten 1-3 etter frispark langs bakken. (Foto: KVB)
Mikkelsen sitt harde skot blei så vidt slått til corner. (Foto: KVB)
Mikkelsen sitt harde skot blei så vidt slått til corner. (Foto: KVB)
Olsen sitt nest siste forsøk for dagen. (Foto: KVB)
Olsen sitt nest siste forsøk for dagen. (Foto: KVB)
1 av 9

Laurdag tok Os imot Brodd på Kuventræ. Brodd sto med 3 sigrar og 2 tap etter dei tre første serierundane og gav Os motstand.

Heimelaget gjekk opp i leiinga, men gjestane utlikna - begge måla kom på to fine langskot.

Etter pause skapte Os meir, men det meste blei slått til corner.

Os - Brodd 1-2 (1-1)
Målskårar, Os: Håkon Kvittingen
Dagens beste Os-spelar: Sebastian Skåre Tune
Gule kort, Os: Børge Borgen og Sander Kvittingen.
Os: Frode Øvredal - Sebastian Tune, Børge Borgen, Endre Brenne, Glenn Krossøy - Marius Mikkelsen, Håkon Kvittingen, Kristoffer Østervold - Erik Kanestrøm, Emil Halver (Sander Kvittingen) og Christer Olsen.

Os var nær på å gje vekk leiinga på eit uheldig utkast frå keeper til ein dobbeltmarkert Os-spelar, men Øvredal var god då han kasta seg ut og avverga tabben.

Tre minutt seinare fekk Håkon Kvittingen eit draumetreff med venstrefoten, frå nesten identisk posisjon som han fem minutt før skaut over med godfoten. Det sto 1-0. Men så viste Brodd at også dei kan treffa på langskot. 1-1 sto seg til pause.

Midt i omgangen, midt på banen, fekk Børge Borgen kampens første gule kort då han skaut vekk ballen etter at det blei dømt hands.

Corner er ikkje mål

Starten på andromgang blei bra for heimelaget, det same gjorde slutten på omgangen. Både Brenne og Olsen var nær skåring på heading, Emil Halver skaut ein ball i mål på retur frå skot av Olsen, men blei dømt for offside. Video viser at Halver var ein meter onside og blei halde fast då Olsen sendte skotet.

Marius Mikkelsen hadde eit knallhardt skot oppunder tverrliggar som keeper slo til corner.

Os hadde kanskje 12-2 i cornarar. Men corner er ikkje mål. 1-2 kom på overgang etter eit klumsete balltap midt på banen og eit raid frå midtstopparposisjon som enda meg å selja seg sjølv billig til Brodd-angriparen som kom skrått på og avgjorde kampen.

– Topplaga skårar på desse

– Eg er veldig skuffa. Dette blei som førre runde mot Vard Haugesund 2. Dei skapte to sjansar og skåra på begge, fortvilte Erik Kanestrøm etter kampen.

– Vi løfta oss frå førre kamp, men vi må opp nokre hakk og vi må setja sjansane våre. Topplaga skårar på dei sjansane vi skaper, det er den store forskjellen, meiner kapteinen.

– Synest synd i gutta

Assistenttrenar Ørjan Håland er nøgd med det første kvarteret av kampen.

– Fram til skåringa speler vi greit, men så blir det altfor upresist og altfor utydeleg i det vi gjer. Vi trenarar må nok terpa på dette.

– Det kan sjå rart ut når vi held fram med å spela oss ut bakfrå sjølv om det offensive ikkje fungerer, men eg ser at dette kjem til å bli bra. Førebels er det berre nesten bra, vi treng tydelegvis lengre tid på å få den nye stilen skikkeleg innarbeidd.

– Vi opplever motgang no, og det er tøft. Eg synest synd i gutane, men eg føler meg også trygg på at vi kjem til å koma sterkare tilbake. Det er ikkje bra at vi har tapt tre av dei seks første kampane, men det er 20 igjen.

Os speler neste kamp borte mot Vardeneset. Neste heimekamp går mot botnlaget Randaberg laurdag 30. mai.

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.