Arne Mæland hadde med seg ein liten modell av glaspyramiden han ser for seg på ein av moloane i Os hamn (foto: Andris Hamre)

Eit landemerke på moloen

Arne Mæland med spennande tanker i formannskapet; Ei tre meter høg glasspyramide på ein av moloane i Os hamn.

Av: Andris Hamre

Under politisk kvarter i formannskapet tysdag fekk kunstnar Arne Mæland moglegheiten til å presentere ein særs spennande idé for eit nytt landemerke i Os.

– Eg har jobba med glass over ei lita tid og sett for meg at vi kanskje kunne få til noko på ein av moloane i Os hamn. Nærare bestemt ein blå glasspyramide. I Louvre har dei ein pyramide, så kvifor ikkje på Os.

– Eg tenker meg at den kan lagast i hovudsakeleg i kunstglas som fargast blått. Legg ein fleire lag oppå kvarandre så vil ein få fleire forskjellige nyansar. I tillegg lysset vi den med led-lys, noko som kan gje eit flott skue og sjå dramatisk ut i vêr og vind, forklarte Mæland, som hadde sett for seg Haugsnesmoloen som ein aktuell plass.

Den blå glaspyramiden ser han for seg skal vera tre meter høg, tre og ein halv meter brei, utført i uknuseleg kunstglas og stål. Pyramiden skal stå på ein sokkel i betong.

Flygande topp

Mæland fortalde at noko av det flottaste han såg når han kjem køyrande ned Mobergsbakken mot Osøyro er dei raude lysa frå skilta på Irisgården som speglar seg i Oselvo.

– Saman med den kvite Folgefonna og fjorden er er dette eit vakkert skue. Pyramiden kan spele saman med dette og løfta det enno eit hakk. Eg ser meg den for meg primært som blå, men ispedd nokre andre fargar og kanskje eit blankt felt litt under toppen, slik at det ser ut som toppen av en flyg i lause lufta. Det vil bli nydeleg om sommaren, men fantastisk i den mørke tida. Tenk om vi hadde turt å gjera dette. Den kan bli sett frå sjøen, frå land og kanskje frå lufta óg.

Naturleg del av ei kunstløype

Den ivrige kunstnaren ser òg for seg at pyramiden kan bli ein del av ei samanhengande kunstløype frå Oseana og gjennom sentrum.

– Dette kan bli ein fin sak med ei setting kor ein litt meir aktivt bruker det at skulpturane på Os er av dei største skulpturane og den største samlinga av skulpturar i Noreg. Det er unikt her i landet, og det finst ikkje ei anna bygd som har tilsvarande. Kanskje kunne også nokre av skulpturane i Os vore lyssatt óg. Då kunne vi fått ei vandring også på kveldstid. I Amsterdam har dei gjort dette og det blir arrangert nattlege vandringar på og langs kanalane for å sjå på den opplyste kunsten. Det er mange moglegheiter til å aktivisera mykje av dei skulpturane vi har i Os, påpeika Mæland.

Entusiastiske politikarar

Ideen om både den blå glaspyramiden og kulturløypa fevna interesse og entusiasme hos politikarane.

– Dette er ein fantastisk bra installasjon. Det er akkurat det vi treng i Os hamn for å få liv. At vi må ha noko i denne gata her er heilt sikkert, kommenterte Ståle Skaatun (H).

– Det er kjempepositivt og ikkje minst at vi nytter nokon lokalt. Det er eg opptatt av. Dette er kjempespennande. Tommel opp frå med, supplerte Helge Steinum (Ap) som fekk støtte frå dei andre rundt bordet.

– Dette kan bli eit landemerke som gjer at både båtfolk og turistar vil bruke nokre timar ekstra på Osøyro, la Tone Hepsøe (Ap) til.

Er det mogleg?

Også Espen Aspenes (Frp) var positiv til forslaget, men peika på eit skjer i sjøen.

– Det er to forhold som reiser seg. Det eine er forholdet til farvannsloven. Det er ganske restriktive krav i høve lyssetting på og ved ferledene. Om du skal kunne sjå denne frå eit fly, så indikerer det sterkt lys.

– Det andre er materialkvalitet og vedlikehald. Ein må spandere så god kvalitet at ein ikkje treng demontera det om nokre år, slik som dei måtte i Bergen, fordi det ikkje tåler vêr og vind.

– Eg trur vi skal finna materialer som tåler det. Eg ser for meg at den eine spissen vender ut mot fjorden, slik at det blir som baugen på ein båt, kor bølgjene slår over når det er mykje vind. Glasset skal tåle ganske mykje. 

– Når det gjeld dette med lyssetting og kystverket, så er det ting vi sjølvsagt må sjekka opp i. Eg har ikkje gjort det så langt, svara Mæland.