Lokal | 26. jan. 2015

Eitt felt ope

Fylkesveg 137 mellom Os og Samnanger ope i eitt felt.

Eitt felt ope
Deler av vegen var kollapsa (foto: Os kommune)
Andris Hamremandag 26. jan. 2015 20:22

I fire-tida måndag ettermiddag kom melding om at Fylkesveg 137 mellom Os og Samnanger var sperra etter at eit rør under vegen hadde kollapsa.

– Hendinga skjedde omlag 3 km inn i Samnanger kommune frå Os, fortel brann- og beredskapssjef Stein Gjøsund.

Vegen var etter episoda heilt sperra. Beredskapsmessige tiltak var iverksatt frå brann og helse.

– Entreprenøren på staden meldte klokka 20 at eitt felt no er opna igjen.

– Statens vegvesen vil ta stilling til i morgon tidleg kva som må gjerast på permanent basis, fortel brannsjefen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.