Kultur | 22. nov. 2013

Ekstra-Fonos for Filippinene

Populære Fonos gjer suksess i Oseana. No set dei opp ekstraframsyning der inntektene går til Kirkens Nødhjelp.

Ekstra-Fonos for Filippinene
Elisabeth Nedrelid frå Fonos saman med programsjef i Oseana, Berit Steen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 22. nov. 2013 12:28

Dei siste tre åra har Fonos, blandakoret som blei starta i 2007, fylt Os kyrkje med publikum når dei har halde julekonsert.

Då dei i juni heldt sommarkonsert, sin første i Oseana, kom det også over 400 for å høyra på.

Les òg: Fonos fylte Oseana (med bildeserie og video)

– Vi er veldig takksame for den gode dialogen og det fine samarbeidet vi hadde med Oseana før og under konserten, seier kormedlem Elisabeth Nedrelid.

Julesong i Syden

Kort tid etter konserten blei Fonos kontakta av prgramsjef Berit Steen, med oppmoding om å setja opp ein julekonsert i kulturhuset i desember i år.

– Stakkar dirigent Stine Kobbeltvedt, som var på sydenferie med familien, og blei sitjande på bassengkanten med julesongar surrande i hovudet.

– Ho takka ja og blei heilt gira, fortel Elisabeth.

Utselt og ekstranummer

Steen fortel at billettane til Fonos sin julekonsert gjekk unna frå første stund, og i førre veke rauk den siste billetten ut døra.

Konserten er sett opp tysdag 10. desember klokka 20. No blir det ekstrakonsert dagen etter, ein time tidlegare, onsdag 11. desember klokka 19.

– Vi hadde nyleg møte i koret og då viste det seg at dei som hadde fleire venar som spurde etter ekstranummer, dei var ikkje åleine.

– Vi såg at det kunne vera grunnlag for eit ekstranummer, og tok kontakt med Oseana igjen.

Alle stiller gratis – inntektene går til flaumofre

På møtet i koret var det ein som kom med forslag om å gje inntektene til flaumofra på Filippinene.

Fredag 8. november kom tyfonen Hayan inn over Filippinene. Med ein fart på rundt 300 km/t førte den med seg 6 meter høge bølgjer, noko som var med på å skapa store øydeleggingar.

Fleire i Os har stilt opp for flaumofra, både individuelle og Os Røde Kors, no vil også Fonos og Oseana hjelpa.

– Bandet vi leiger inn til konserten tysdag har sagt ja til å spela gratis onsdag, og Oseana låner ut salen gratis. Inntektene går til Kirkens Nødhjelp sitt hjelpearbeid i Filippinene.

Men for at det skal bli inntekter til Filippinene, og for at det skal vera rettvist ovanfor dei som har kjøpt billettar til den første konserten, blir prisen lik.

Maraton-veke for Oseana

Dei to Fonos-konsertane flettar seg inn på tampen av ei ekstremt hektisk veke i Oseana.

Torsdag veka før er det øving til det utselte showet med Fantorange, fredag går Fantorangen og rundt 100 elevar frå Os kulturskule på scenen, laurdag er det utselt Vamp-konsert, søndag og måndag er det fullsett sal med audition til Norske Talenter på TV 2.

Etter tysdag og onsdag med Fonos er det ein meir ledig torsdag før ei bedrift tar med 250 tilsette på julebord i Oseana.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.